top of page

TV-aksjonen 2024

TV-aksjonen 2024 vart ein braksuksess! TAKK til alle som gjorde forskjellen i Seljord kommune!

Bøsseberarane samla saman heile kr. 85 444 i kontantar på sundag! Pr. 22. oktober har Seljord samla inn 252 034, ein aukning på over 30 000 frå i fjor! Det har vore ein glede å administrere eit såpass velfungerande arrangement. Men kva er vel ein administrator utan alle bøsseberarane og samarbeidspartnarar? Eg nemner i fleng, utan gjennomtenkt rekkefølge:

Revygruppa i Seljord, Røde Kors Seljord, Seljord I.L, Seljord Folkehøgskule (musikalgjengen), Mental Helse Vest-Telemark, Lion Club Vest - Telemark, Seljordshei Grendelag, Svartdal grendelag, Manndal grendelag, Langlim Grendelag, Åmotsdal Idrettslag, Flatdal Idrettslag og Flatdal Bygdeutviklingslag. Og ALLE frivillige som troppar opp for å støtte ei god sak! Dere er gull!


Ein stor takk til Sparebanken DIN Telemark for at dei, i år igjen, tok imot og telte opp kontantar og sto for kaffe og brus til alle frivillige. Takk også til ordførar Solveig Sundbø Abrahamsen som tok godt imot dei frivillige når dei kom til banken og skreiv ut diplom, og ikkje minst ein STOR takk til Line Skori som har vært ein enorm støtte og bidragsytar under årets aksjon. TAKK!


Helt til slutt må eg takke Aasmundsen Bakeriutsalg Seljord for sponsing i form av ein utruleg flott kake til alle dei som gjekk med bøsse. Finns det eit betre bakeri? Trur ikkje det!


Du kan lese meir statistikk her:

18 visninger

Comments


Siste oppdateringar

Kontakt oss

414 78 200

Untitled design (2).png
Untitled design (2).png

© 2022 Seljord frivilligsentral                                                                                                                                                        Laget med Wix.com

Seljord_Hovedlogo.png
bottom of page