Dette skjer i veke 19
- Rikke Roseng
- 5. mai
- 2 min lesing

Her er det som skjer på Frivilligsentralen!
Bruktbui er ope tysdag til fredag frå kl. 11 - kl. 16, og laurdag frå kl. 10 - kl. 14.
Sjå BUA Seljord for eigne opningstidar.
Måndag
🧶 Kl 11 Handverkskafé
Kafeen selg vaffel og kaffe, og me brukar tid saman til å snakke om alt mellom himmel og jord. Dei fleste har med eit slags handarbeid, og fleire er med på å produsere strikkevarer til jolemessa i desember. Her er det absolutt lov å vere nybegynnar! Kom som du er - me har pinnar og garn :-)
🦁Kl 18 Lions medlemsmøte
Lions Vest-Telemark jobbar for å skape forståelse for verdas behov for humanitær hjelp, og å yte frivillig innsats med lokalt engasjement og internasjonalt samarbeid. Klubben har medlemmar frå heile Vest-Telemark.
Lions har plass til fleire, spesielt DEG! Om du har spørsmål eller vil vite meir, ta kontakt med leiar Oddmund Goli på 48215555
Onsdag
🎶👶 Kl 11 til kl 13 Babysong og småbarnstrall
Babysong og småbarnstrall er for barn 0-5 år. Bli kjent med andre med små barn og lær barnesongar, songleikar og regler. Gratis lunsj, alle er velkomne.
Tilbodet er gratis og ope for alle uavhengig av tru eller livssyn. Arrangementet er eit samarbeid mellom Seljord kyrkje og Seljord Frivilligsentral, med støtte frå Sparebankstiftelsen DNB og Seljord kommune.
Kontakt: Ingunn Liseter, tlf 976 82 694, ingunn@seljordkyrkje.no
Torsdag
🍽️ kl 13 til kl 15 Torsdagsmiddag
Denne veka er det meksikansk gryterett. Her kan du eta eit koseleg måltid saman med andre, og det er alltid triveleg prat over borda. Som avslutning på måltidet får du i tillegg ein desserttallerken og kaffe. Fleire kjøper med seg middag heim, til ein pris på 170kr.
🃏 kl 18 Bridgeklubben
Lyst til å spele kort og vere sosial? Kan du ikkje bridge så lærar du det her! Bridgeklubben har vore aktiv i over 75 år, og her er det mange hyggelege folk frå Seljord, Hjartdal, Bø, Kviteseid, Lunde og Notodden. Kom og sjå og lær bridge!!
Fredag
🕺 Kl 11 Gubbeklubben
Gode samtaler, ei skrøne av og til, løysing av verdensproblemer, og kafeen selg vaflar og kaffe. Kan det bli bedre? Gubbane våre samlast kvar fredag frå kl 11, og det er alltid plass rundt bordet til fleire. Ta på deg fredagsskoa og kom!
Commentaires