Frivillighet
Å vera frivillig er ikkje berre bra for samfunnet, men det kan også ha stor verdi for deg sjølv.
Følelse av tilhøyrsle
Nye vennskap
Å vera ein del av eit frivillig fellesskap gir ein sterk kjensle av å høyre til. Det kan følast som ein ekstra familie, der du er verdsatt for det du bidreg med.
Gjennom frivillig arbeid møter du menneske du kanskje aldri elles hadde møtt. Desse nye vennskapa kan berike livet ditt og føre til langvarige forhold.
Gagnar lokalmiljøet
Ditt frivillige arbeid har direkte innverknad på lokalmiljøet ditt. Du kan hjelpe til med å arrangere aktivitetar, ta vare på natur eller styrke fellesskapet.
Folk blir buande lenger
Når folk er ein del av eit inkluderande og engasjerande samfunn, blir dei gjerne lenger i området. Dette gagnar både lokalsamfunnet og enkeltpersonar.
Økonomisk verdi
Det frivillige arbeidet har ei enorm økonomisk verdi. Uten dei frivillige ville samfunnet vårt ikkje fungert som det gjer i dag. Tenk på alt frivillige gjer innan helsevesenet, idretten, kultursektoren og meir!
Helsefremjande
Å vere frivillig kan vere positivt for helsa di. Det gir meining og glede i kvardagen, og det kan bidra til å redusere stress og auka trivsel.
Kva ventar du på?
Bli med i eit frivillig lag eller organisasjon i ditt lokalsamfunn og opplev fordelane sjølv. Du kan høyre med oss om å finne eit lag som passar DEG! Saman kan vi gjere ein skilnad i samfunnet vårt og samtidig oppleve glede, vennskap og meining i livet vårt.