top of page

Resultatet av TV-aksjonen 2025

  • Forfatterens bilde: Rikke Roseng
    Rikke Roseng
  • 22. okt.
  • 1 min lesing

ree

Og DER var årets TV-aksjon over for denne gong. TAKK til alle som gjorde forskjellen i Seljord kommune!


På bilete under kan du sjå Sigmund som har gått heile 2 rodar i saman med mor si, og synast det var utruleg moro å vere med på oppteljinga 🤩


Bøsseberarane samla saman heile kr. 45 572 i kontantar i dag! Sjå nederst for meir innsamligstall☺️ Det har vore ei glede å administrere eit såpass velfungerande arrangement. Takk til ALLE frivillige som troppar opp for å støtte ei god sak! Dere er gull!


Ein stor takk til Sparebanken DIN for at dei, i år igjen, tok imot og telte opp kontantar og sto for kaffe og brus til alle frivillige. Takk også til ordførar Solveig Sundbø Abrahamsen som tok godt imot dei frivillige når dei kom til banken, til Aasmundsen for sponsing av kake, og ikkje minst ein STOR takk til Line Skori som er med som organisator!


Pr. 22. oktober er det totalt samla inn kr. 187 438 i Seljord💖 Du kan ta ein titt på talla på www.giverstafett.no



Forklaring på kategoriane:

- “Kirke/trossamfunn”, “Skole”, “Barnehage”, “Næringsliv/organisasjoner” forklarar seg sjølv

- “Kommune” er frå kommunen + fylkeskommunen fordelt på kommunane i fylket pr innbyggar

- “Annet” er regjeringsbidraget + bidrag som ikkje passar inn under dei andre kategoriane. F.eks. innsamling på Spleis

- “Bøsse” er alt som kom inn på Vipps og kontantar frå TV-aksjonen startar å samle inn på året til og med kl 18 på aksjonsdagen

- “Privat” er alt som kjem på kortbetaling og SMS heile året + Vipps etter kl 18 på aksjonsdagen til slutten av året


GODT JOBBA!


ree

Kommentarer


Siste oppdateringar

Kontakt oss

414 78 200

Untitled design (2).png
Untitled design (2).png

© 2022 Seljord frivilligsentral                                                                                                                                                        Laget med Wix.com

Seljord_Hovedlogo.png
bottom of page