Dette skjer i veke 18
- Rikke Roseng
- 25. apr.
- 1 min lesing

Her er det som skjer på Frivilligsentralen!
Bruktbui er ope tysdag til fredag (stengt torsdag) frå kl. 11 - kl. 16, og laurdag frå kl. 10 - 14.
BUA Seljord er ope
Måndag 15:00 - 17:00
Onsdag 15:00 - 18:30
Fredag 10:00 - 13:00
Måndag
🧶 Kl 11 Handverkskafé
Kafeen selg vaffel og kaffe, og me brukar tid saman til å snakke om alt mellom himmel og jord. Dei fleste har med eit slags handarbeid, og fleire er med på å produsere strikkevarer til jolemessa i desember. Her er det absolutt lov å vere nybegynnar! Kom som du er - me har pinnar og garn :-)
Onsdag
🫶 Kl 18 Øvre Telemark lokallag NFF
Fibromyalgitreff for alle interesserte. Velkommen!
Fredag
🕺 Kl 11 Gubbeklubben
Gode samtaler, ei skrøne av og til, løysing av verdensproblemer, og kafeen selg vaflar og kaffe. Kan det bli bedre? Gubbane våre samlast kvar fredag frå kl 11, og det er alltid plass rundt bordet til fleire. Ta på deg fredagsskoa og kom!
Comments