Dette skjer i veke 17
- Rikke Roseng
- 22. apr.
- 1 min lesing

Her er det som skjer på Frivilligsentralen!
Bruktbui er ope tysdag til fredag frå kl. 11 - kl. 16.
BUA Seljord er ope
Onsdag 15:00 - 18:30
Fredag 10:00 - 13:00
Torsdag
🍽️ kl 13 til kl 15 Torsdagsmiddag
Her kan du eta eit koseleg måltid saman med andre, og det er alltid triveleg prat over borda. Som avslutning på måltidet får du i tillegg ein desserttallerken og kaffe. Fleire kjøper med seg middag heim, til ein pris på 170kr.
🃏 kl 18 Bridgeklubben
Lyst til å spele kort og vere sosial? Kan du ikkje bridge så lærar du det her! Bridgeklubben har vore aktiv i over 75 år, og her er det mange hyggelege folk frå Seljord, Hjartdal, Bø, Kviteseid, Lunde og Notodden. Kom og sjå og lær bridge!!
Fredag
🕺 Kl 11 Gubbeklubben
Gode samtaler, ei skrøne av og til, løysing av verdensproblemer, og kafeen selg vaflar og kaffe. Kan det bli bedre? Gubbane våre samlast kvar fredag frå kl 11, og det er alltid plass rundt bordet til fleire. Ta på deg fredagsskoa og kom!
--
I tillegg støtter me andre arrangement som skjer denne veka!
🦁Lions Vest-Telemark får inntektene frå denne sesongens dekkskiftskampanje frå Toyota Seljord, og her er me sjølvsagt på plass og hjelper til både torsdag og laurdag. Drop-in for alle bilmerker, og det er enkel servering - kun kr. 350!
🛠️ Verksta'n Seljord har offisiell opning torsdag frå kl. 18. Verksta'n (motorverkstad for ungdom i Seljord) er ein nyoppstarta frivillig organisasjon som legg til rette for at ungdom med motorinteresse har ein plass å samlast. Kom og bli med på opning i verkstadhallen, Brøløsvegen 7!
Comments