Dette skjer i veke 22
- Rikke Roseng
- for 4 døgn siden
- 1 min lesing

Her er det som skjer på Frivilligsentralen!
Bruktbui Seljord Frivilligsentral er ope tysdag til fredag frå kl. 11 - kl. 16, men IKKJE torsdag.
Sjå BUA Seljord for eigne opningstidar.
Måndag
🧶 Kl 11 Handverkskafé
Kafeen selg vaffel og kaffe, og me brukar tid saman til å snakke om alt mellom himmel og jord. Dei fleste har med eit slags handarbeid, og fleire er med på å produsere strikkevarer til jolemessa i desember. Her er det absolutt lov å vere nybegynnar! Kom som du er - me har pinnar og garn
Onsdag
🫶 Kl 18 Øvre Telemark lokallag NFF
Fibromyalgitreff for alle interesserte. Velkommen!
Torsdag
🃏 kl 18 Bridgeklubben (usikker pga. helligdag, ta kontak med dei om du lurar)
Lyst til å spele kort og vere sosial? Kan du ikkje bridge så lærar du det her! Bridgeklubben har vore aktiv i over 75 år, og her er det mange hyggelege folk frå Seljord, Hjartdal, Bø, Kviteseid, Lunde og Notodden. Kom og sjå og lær bridge!!
Fredag
🕺 Kl 11 Gubbeklubben
Gode samtaler, ei skrøne av og til, løysing av verdensproblemer, og kafeen selg vaflar og kaffe. Kan det bli bedre? Gubbane våre samlast kvar fredag frå kl 11, og det er alltid plass rundt bordet til fleire. Ta på deg fredagsskoa og kom!
Comments