top of page

Tur med Vinje Pensjonistlag

Vinje Pensjonistlag har tur til Vestfold og med overnatting i Strømstad 24.-25. september.

Avreise frå Rauland 08.00 og frå Åmot/Kroa 08.30 vidare Seljord, Notodden med påstigning og stopp undervegs. Lunsj på restaurant Njord i Horten.


Vi skal besøke Gildehallen med smaksprøver, omvisning Borreparken og vandring på Borrehaugane. I Åsgårdstrand guida tur og besøk på Munchmuseet. Vidare til Sandefjord og ombord i Color Line der vi får middagsbuffé med drikke til, og gjera taxfri handel. Overnatting på Strømstad Spa & Resort med gode bademoglegheitar, så hugs badeklær.


Etter ein god frokost verdt det stopp på Nordbysenteret for handel og ein kaffekopp. På heimturen via Svinesund og Drammen vert det stopp på Nøstetangen Glas med omvisning. Heim til Åmot rundt 20.00 med stopp undervegs.



Pris p.p. i dobbeltrom kr. 4250,- tillegg for enkeltrom

725,- som dekker buss m/omvisning/billettar, hotell med frokost og ein lunsj og middag.


Påmelding snarast og innan 1. september til

Liv 918 40 601, Britt 901 01 580 eller Tor 957 22 433


Turen er open for alle og vi ynskjer deg velkomen ombord.

19 visninger

Comments


Siste oppdateringar

bottom of page