Status Ukrainske flyktningar
STATUS - UKRAINSKE FLYKTNINGAR
I dag møttes Seljord kommune , Røde Kors Seljord og Seljord Frivilligsentral for å fordele oppgåver mellom oss i samband med ekstraordinær busetting av flyktningar. Seljord kommune har meldt at vi per no kan busette 50 og huse inntil 100 flyktningar. For å greie dette på kort tid treng vi alle gode krefter i lokalsamfunnet vårt!
Mange tek kontakt med både kommunen, Røde Kors og Frivilligsentralen med spørsmål og ønske om å bidra. Det set vi veldig stor pris på! Vi kjem til å komme med konkrete spørsmål, både på klede, utstyr og ulik praktisk bistand, når vi veit meir.
Når flyktningane er komne treng vi friviljuge som kan vere velkomstven, som kan møte dei på frivilligsentralen, som kan følge ungane til Eventyrøy eller på andre aktivitetar og mykje meir.
Vi har no fått på plass 6 boligar og arbeider med fleire. Vi ventar på beskjed om kven som kjem og når. Det kan skje veldig raskt når det først skjer. Situasjonen er uoversikteleg med tanke på kor mange krigsflyktningar som vil komme til landet. Det er òg flyktningar frå andre konfliktområde i verda som sit i mottak og ventar på å bli busett i ein kommune.
Det vil bli lagt ut informasjon på nettsidene til kommunen og delt gjennom Facebook. Ynskjer du å bidra som frivillig så meld deg til Seljord frivilligsentral v/ Anne Marie.
Beate Marie Dahl Eide
Ordførar Seljord kommune
Comments