Ledig stilling som dagleg leiar ved Seljord Frivilligsentral


Seljord Frivilligsentral vart etablera hausten 2008 og har sidan oppstarten styrka det frivillige arbeidet i kommunen. Vår noverande daglege leiar skal gå av med pensjon og me søkjer no etter hennar etterfylgjar. Me søkjer etter deg som er samfunnsengasjert, ynskjer å hjelpe andre og som vil bidra til eit godt og variert miljø for frivillig innsats i Seljord. Du vil få ansvar for dagleg drift og utvikling av frivilligsentralen i tett samarbeid med frivillige, tilsette og styret. Du må påregne ei variera arbeidstid, og du må vera glad i til tider høg aktivitet. Seljord Frivilligsentral driv også Bruktbui.



Dagleg leiar i 100 % stilling

Viktige arbeids- og ansvarsområde:

  • Jobbe aktivt med organisering og utvikling av frivilligsentralen i tråd med retningsliner og forskrift

  • Vidareføre og utvikle arbeidet med sosiale møteplasser

  • Arbeide målretta med rekruttering av frivillige

  • Vidareutvikle eit godt samarbeid med andre frivillige lag og organisasjonar og Seljord kommune

  • Gjennomføre lokale arrangement og aktivitetar i samspel med andre

  • Gjennomføre opplæring, rettleiing og oppfølging av frivillige og tilsette

  • Drive aktivt informasjonsarbeid og marknadsføring, inkludert bruk av digitale plattformer

  • Du vil få ansvar for utvikling og iverksetting av planar, mål og aktivitetar

  • Skape et positivt og inkluderande arbeidsmiljø for både frivillige og tilsette

  • Ansvar for budsjett, rekneskap, rapportering og tilskotssøknader

  • Sekretær for styret, inkludert utarbeiding av årsplan og årsmelding

  • Ansvar for Bruktbui

Ynskja kvalifikasjonar:

  • Brei og relevant erfaring frå organisasjonsarbeid er ein fordel

  • Det er ynskjeleg med leiarerfaring

  • Relevant utdanning på høgskulenivå, men realkompetanse kan kompensere for formalkompetanse

  • Ha gode IT-kunnskapar og beherske norsk godt; både munnleg og skriftleg


Personlege eigenskapar:

· Me ser etter ein dagleg leiar som er fleksibel, har gjennomføringskraft, er løysingsorienter, idérik og kreativ

· Du må ha eit brennande engasjementet for frivillig arbeid og bidra aktivt i vidareutvikling av Seljord Frivilligsentral

· Du må vera raus og ha evne til å samarbeide med menneske med ulike behov, og forstå betydinga av at alle bidrag kan vere like viktige

· Du må ha eit stort hjerte for alle, vera tålmodig og ikkje redd for å satse og iverksetta nye tiltak


Me tilbyr:

· Ein spennande, utfordrande og svært meiningsfull jobb

· Ein frivilligsentral som er godt etablert og forankra i nærmiljøet. Vi har eit godt samarbeid med Seljord kommune og Seljord Røde Kors

· Engasjerte frivillige og tilsette som bidreg med ein formidabel innsats

· Tiltreding og lønn etter avtale.

· Spørsmål om stillinga kan rettast til styrets leiar, Knut Dyrland på tlf 90630370, eller dagleg leiar Anne Marie Smeland på tlf 41478200

· Søknad med CV og referansar sendast på epost til: knut.dyrland@hotmail.com



Anna informasjon:

· Søknadsfrist 27. juni 2022

· Politiattest krevst framlagt dersom ein skal utføre oppgåver som inneber eit tillits- eller ansvarsforhold overfor mindreårige eller personer med speielle behov, jfr Arbeidsmarknadslovens § 21 med forskrift.




Siste nyheter