top of page

God sommar!


Tusen takk for eit flott fyrste år! Det har vore veldig lærerikt og spennande for meg å vere dagleg leiar på frivilligsentralen dette året. Saman har me tatt vare på dei viktige møteplassane gubbeklubben og handverkskafeen samtidig som me har prøvd oss på nye ting, som språkkafé med flyktningetenesta. Mykje har skjedd rett før sommaren, eg har bl.a. vært med på ein episode av Seljordspodden og Seljord kommune har gitt sentralen 140 000 kr meir i støtte sånn at me kan utvide tilbodet og at dagleg leiar kan jobbe for å være ein større støtte for frivillige lag og organisasjonar i kommunen. Denne ekstra støtta gjer også at me kan tilby gratis møtelokalar til frivillige lag og organisasjonar <3 Ta kontakt om ditt lag er interessert i dette!


Det er mange frivillige som har gitt det lille ekstra dette halvåret. Eg vil spesielt takke Ruth som ordnar kaffe og vaflar til Gubbeklubben, Ragnhild som ordnar kaffe og vaflar til handverkskafeen, Trine som er ein altmoglegpotet og bl.a. kjøper inn til torsdagsmiddagen kvar veke, og den dyktige leiargruppa i Bruktbui (Nina, Margreta, Vesla og Trine) som er ein enorm støtte for meg. Dei andre frivillige i Bruktbui har også vist eit stort engasjement og interesse for å prøve seg på nye løsningar i bui. Takk alle!


Eg vil også takke det flotte styret mitt: Knut, Magne, Sigrun, Kari Synnøve, Heidi og Eva Margrethe. Saman har me klart mykje! Ein ekstra STOR takk til Knut og Magne som alltid stillar opp når Bruktbui får nye møblar som me må hente, for eg kan ikkje køyre bil med hengar ;-) Ingenting er som løysningsorienterte gutar!


Eg har ferie ut juli, og er tilbake i jobb i august. Fyrste handverkskafé er 7. august, fyrste torsdagsmiddag er 10. august, og fyrste gubbeklubb er 11. august.


Bruktbui er som vanleg ope heile juli ;-)


GOD SOMMAR! Takk for eit flott år!

88 visninger

Siste oppdateringar

bottom of page