top of page

Dette skjer i veke 6



Her er alt som skjer i veke 6 pÄ frivilligsentralen 


Bruktbui er ope tysdag til fredag frÄ kl 11 til kl 16, og laurdag frÄ kl 10 til kl 14!


Mandag 05.02

đŸ§¶Â Kl 11 Handverkskafé Kafeen selg vaffel og kaffe, og me brukar tid saman til Ă„ snakke om alt mellom himmel og jord. Dei fleste har med eit slags handarbeid, og fleire er med pĂ„ Ă„ produsere strikkevarer til jolemessa i desember. Her er det absolutt lov Ă„ vere nybegynnar! Kom som du er - me har pinnar og garn :-)


Onsdag 07.02 

đŸ‘¶đŸŽ¶ Kl 11 - 13 Babysong og smĂ„barnstrall

Ingunn Liseter lover ei inkluderande og hyggeleg stund i lag med masse song og glede, ogsÄ blir det ein enkel lunsj etterpÄ. Babysong og smÄbarnstrall er for barn 0-5 Är. Bli kjent med andre med smÄ barn og lÊr barnesongar, songleikar og regler. Gratis lunsj, alle er velkomne.


Tilbodet er gratis og ope for alle uavhengig av tru eller livssyn. Kontakt: Ingunn Liseter, tlf 976 82 694, ingunn@seljordkyrkje.no


🃏 Kl 18 Nybegynnarkurs i bridge

Liker du Ä spille kort - eller har lyst Ä lÊre? Bli med pÄ Kurs i bridge for nybegynnere! Venner og bekjente i alle aldre rundt om Telemark er velkommen til Ä lÊre seg Bridge. Kurset er kostnadsfritt for alle deltagere, og fÞregÄr gjennom 6 onsdager fra januar i trivelige omgivelser, hygge og servering av kaffe og vafler.


For pÄmelding ta kontakt med Daniel pÄ 48459666 eller send oss ei melding pÄ Seljord bridgeklubb pÄ facebook.


Torsdag 08.02 

đŸœïžÂ kl 13 til kl 15 Torsdagsmiddag

Denne veka er det heimelaga lapskaus! Her kan du eta eit koseleg mÄltid saman med andre, og det er alltid triveleg prat over borda. Som avslutning pÄ mÄltidet fÄr du i tillegg ein desserttallerken og kaffe. Fleire kjÞper med seg middag heim, til ein pris pÄ 170kr.


🃏 kl 18 Bridgeklubben 

Lyst til Ä spele kort og vere sosial? Kan du ikkje bridge sÄ lÊrar du det her! Bridgeklubben har vore aktiv i 75 Är, og her er det mange hyggelege folk frÄ Seljord, Hjartdal, BÞ, Kviteseid, Lunde og Notodden. Kom og sjÄ og lÊr bridge!!


Fredag 09.02

đŸ•ș Kl 11 Gubbeklubben 

Gode samtaler, ei skrÞne av og til, lÞysing av verdensproblemer, og kafeen selg vaflar og kaffe. Kan det bli bedre? Gubbane vÄre samlast kvar fredag frÄ kl 11, og det er alltid plass rundt bordet til fleire. Ta pÄ deg fredagsskoa og kom!

17 visninger

Siste oppdateringar

bottom of page