top of page

Dette skjer i veke 50


Her er alt som skjer i veke 50 på frivilligsentralen


Bruktbui er ope tysdag til fredag frå kl 11 til kl 16!


Mandag 11.12 🧶 Kl 11 Handverkskafé Kafeen selg vaffel og kaffe, og me brukar tid saman til å snakke om alt mellom himmel og jord. Dei fleste har med eit slags handarbeid, og fleire er med på å produsere strikkevarer til jolemessa i desember. Her er det absolutt lov å vere nybegynnar! Kom som du er - me har pinnar og garn :-)


Onsdag 13.12 🎶👶 Kl 11 til kl 13 Babysong og småbarnstrall 

Babysong har til no vore på misjonshuset, og sjølv om lokala blir eit anna er innhald og leiar dei same. Ingunn Liseter lover ei inkluderande og hyggeleg stund i lag med masse song og glede, også blir det ein enkel lunsj etterpå. Babysong og småbarnstrall er for barn 0-5 år. Bli kjent med andre med små barn og lær barnesongar, songleikar og regler. Gratis lunsj, alle er velkomne.


Tilbodet er gratis og ope for alle uavhengig av tru eller livssyn.


Kontakt: Ingunn Liseter, tlf 976 82 694, ingunn@seljordkyrkje.no


Torsdag 14.12

🍽️ kl 13 til kl 15 Torsdagsmiddag Her kan du eta eit koseleg måltid saman med andre, og det er alltid triveleg prat over borda. Som avslutning på måltidet får du i tillegg ein desserttallerken og kaffe. Fleire kjøper med seg middag heim, til ein pris på 170kr.


Hugs å melde deg på jolemiddagen 21.12! Ribbe med tilbehør ;)


🃏 kl 18 Bridgeklubben Lyst til å spele kort og vere sosial? Kan du ikkje bridge så lærar du det her! Bridgeklubben har vore aktiv i 75 år, og her er det mange hyggelege folk frå Seljord, Hjartdal, Bø, Kviteseid, Lunde og Notodden. Kom og sjå og lær bridge!!


Fredag 15.12

🕺 Kl 11 Gubbeklubben Gode samtaler, ei skrøne av og til, løysing av verdensproblemer, og kafeen selg vaflar og kaffe. Kan det bli bedre? Gubbane våre samlast kvar fredag frå kl 11, og det er alltid plass rundt bordet til fleire. Ta på deg fredagsskoa og kom!

11 visninger

Siste oppdateringar

bottom of page