top of page

Dette skjer i veke 48


Her er alt som skjer i veke 48 på frivilligsentralen


Bruktbui er ope tysdag til fredag frå kl 11 til kl 16, og laurdag frå kl 10 - kl 14!


Mandag 27.11

🧶 Kl 11 Handverkskafé

Kafeen selg vaffel og kaffe, og me brukar tid saman til å snakke om alt mellom himmel og jord. Dei fleste har med eit slags handarbeid, og fleire er med på å produsere strikkevarer til jolemessa i desember. Her er det absolutt lov å vere nybegynnar!

Kom som du er - me har pinnar og garn :-)


Tysdag 28.11

🌵 Kl 14 til kl 18 Kaktus Ungdomskafé

Kaktus ungdomsklubb tar over frivilligsentralen kvar tysdag! Her kan du henge, gjere lekser, spele PlayStation og andre spel, høyre på musikk, spise, og møte nokon å prate med. Til å begynne med er det enkel servering/sal av diverse mat/snacks/kaffe/anna drikke, til ein overkommelig pris. Me tek imot ynskjer!


Onsdag 29.11

🧑‍🏫 Kl 12 Anne Gro Lønnestad til Vest-Telemark Seniorlæring

Anne Gro lærte økologisk hagebruk på Fosen folkehøgskule, og er utdanna agronom i økologisk jordbruk på Sogn jord og hagebrukskule i Aurland. Vidare utdanna ho seg til barnehagelærar. Etter det har ho etablera ogdrive Seljord Hage, og teke videreutdanning som skulehagelærar. Ho har undervist elevar i Seljord Hage og teke på seg planlegging av hagar. Interessa hennar favnar frå jord til bord. Lidenskapen hennar er alt me kan dyrke i jorda, prydplanter til estetisk nytelse og nytteplanter som gjev reine, kortreiste råvarer. Maten på bordet er sluttresultatet.


Foredraget femner om fylgjande tema:

- Forbrukarens påverkingskraft - Import av landbruksvarer - Ulike møtestader mellom forbrukar og produsent - Kretsløpet i hagen - Produksjon i eigen hage - Lagring og konservering - Sanking i naturen


Alle hjarteleg velkomne. Inngangspengar kr. 150,- (medlemmer kr. 100,-) som inkluderar kaffe og kake


Torsdag 30.11

🍽️ kl 13 til kl 15 Torsdagsmiddag

Her kan du eta eit koseleg måltid saman med andre, og det er alltid triveleg prat over borda. Som avslutning på måltidet får du i tillegg ein desserttallerken og kaffe. Fleire kjøper med seg middag heim, til ein pris på 170kr.


🃏 kl 18 Bridgeklubben

Lyst til å spele kort og vere sosial? Kan du ikkje bridge så lærar du det her! Bridgeklubben har vore aktiv i 75 år, og her er det mange hyggelege folk frå Seljord, Hjartdal, Bø, Kviteseid, Lunde og Notodden. Kom og sjå og lær bridge!!


Fredag 01.12

🕺 Kl 11 Gubbeklubben

Gode samtaler, ei skrøne av og til, løysing av verdensproblemer, og kafeen selg vaflar og kaffe. Kan det bli bedre? Gubbane våre samlast kvar fredag frå kl 11, og det er alltid plass rundt bordet til fleire. Ta på deg fredagsskoa og kom!


Laurdag 02.12

🎄 Kl 12 - kl 15 Jolemesse på Seljord frivilligsentral

Tradisjonen tro arrangerar dei fantastiske strikkedamene våre jolemesse på frivilligsentralen! I år er det utruleg mykje flott handarbeid som er til sals, og også jolegraut, sveler og kaffi. Det er også lodd til sals (10 kr pr) der du kan vinne bl.a. det gjevaste handarbeidet som er lagd i år. Dette er ein kjær og nødvendig inntektskilde for sentralen. Velkommen skal du vere til eit par trivelege timar, både liten og stor.

26 visninger

Siste oppdateringar

bottom of page