top of page

Dette skjer i veke 46



Her er alt som skjer i veke 46 pÄ frivilligsentralen


Mandag 13.11

đŸ§¶ Kl 11 HandverkskafĂ©

Kafeen selg vaffel og kaffe, og me brukar tid saman til Ä snakke om alt mellom himmel og jord. Dei fleste har med eit slags handarbeid, og fleire er med pÄ Ä produsere strikkevarer til jolemessa i desember. Her er det absolutt lov Ä vere nybegynnar!

Kom som du er - me har pinnar og garn :-)


Tysdag 14.11

đŸŒ” Kl 14 til kl 18 Kaktus UngdomskafĂ©

Kaktus ungdomsklubb tar over frivilligsentralen kvar tysdag! Her kan du henge, gjere lekser, spele PlayStation og andre spel, hÞyre pÄ musikk, spise, og mÞte nokon Ä prate med. Til Ä begynne med er det enkel servering/sal av diverse mat/snacks/kaffe/anna drikke, til ein overkommelig pris. Me tek imot ynskjer!


Torsdag 16.11

đŸœïž kl 13 til kl 15 Torsdagsmiddag

Her kan du eta eit koseleg mÄltid saman med andre, og det er alltid triveleg prat over borda. Som avslutning pÄ mÄltidet fÄr du i tillegg ein desserttallerken og kaffe. Fleire kjÞper med seg middag heim, til ein pris pÄ 170kr.


🃏 kl 18 Bridgeklubben

Lyst til Ä spele kort og vere sosial? Kan du ikkje bridge sÄ lÊrar du det her! Bridgeklubben har vore aktiv i 75 Är, og her er det mange hyggelege folk frÄ Seljord, Hjartdal, BÞ, Kviteseid, Lunde og Notodden. Kom og sjÄ og lÊr bridge!!


Fredag 17.11

đŸ•ș Kl 11 Gubbeklubben

Gode samtaler, ei skrÞne av og til, lÞysing av verdensproblemer, og kafeen selg vaflar og kaffe. Kan det bli bedre? Gubbane vÄre samlast kvar fredag frÄ kl 11, og det er alltid plass rundt bordet til fleire. Ta pÄ deg fredagsskoa og kom!

11 visninger

Siste oppdateringar

bottom of page