top of page

Dette skjer i veke 45


Her er alt som skjer i veke 45 på frivilligsentralen


Mandag 06.11

🧶 Kl 11 Handverkskafé

Kafeen selg vaffel og kaffe, og me brukar tid saman til å snakke om alt mellom himmel og jord. Dei fleste har med eit slags handarbeid, og fleire er med på å produsere strikkevarer til jolemessa i desember. Her er det absolutt lov å vere nybegynnar!

Kom som du er - me har pinnar og garn :-)


💬 Kl 17.30 Plassen med Mental Helse Vest-Telemark

Linda frå Mental Helse Vest-Telemark ber alle med til (møte)Plassen den fyrste mandagen i månaden med litt forskjellig tema. Tema denne gongen er å skravle og kanskje du vil ta med eit spel? Kaffe og noko å bite i, 30kroner (gratis for medlemmer)


Tysdag 07.11

🌵 Kl 14 til kl 18 Kaktus Ungdomskafé

Kaktus ungdomsklubb tar over frivilligsentralen kvar tysdag! Her kan du henge, gjere lekser, spele PlayStation og andre spel, høyre på musikk, spise, og møte nokon å prate med. Til å begynne med er det enkel servering/sal av diverse mat/snacks/kaffe/anna drikke, til ein overkommelig pris. Me tek imot ynskjer!


Torsdag 09.11

🍽️ kl 13 til kl 15 Torsdagsmiddag

Her kan du eta eit koseleg måltid saman med andre, og det er alltid triveleg prat over borda. Som avslutning på måltidet får du i tillegg ein desserttallerken og kaffe. Fleire kjøper med seg middag heim, til ein pris på 170kr.


🃏 kl 18 Bridgeklubben

Lyst til å spele kort og vere sosial? Kan du ikkje bridge så lærar du det her! Bridgeklubben har vore aktiv i 75 år, og her er det mange hyggelege folk frå Seljord, Hjartdal, Bø, Kviteseid, Lunde og Notodden. Kom og sjå og lær bridge!!


Fredag 10.11

🕺 Kl 11 Gubbeklubben

Gode samtaler, ei skrøne av og til, løysing av verdensproblemer, og kafeen selg vaflar og kaffe. Kan det bli bedre? Gubbane våre samlast kvar fredag frå kl 11, og det er alltid plass rundt bordet til fleire. Ta på deg fredagsskoa og kom!

24 visninger

Siste oppdateringar

bottom of page