Dette skjer i veke 43
Mandag 23.10
Kl 11 Handverkskafé
Kafeen selg vaffel og kaffe, og me brukar tid saman til å snakke om alt mellom himmel og jord. Dei fleste har med eit slags handarbeid, og fleire er med på å produsere strikkevarer til jolemessa i desember. Her er det absolutt lov å vere nybegynnar!
Kom som du er - me har pinnar og garn :-)
Tysdag 24.10
Kl 14 til kl 18 Kaktus Ungdomskafé 🌵
Kaktus ungdomsklubb tar over frivilligsentralen kvar tysdag! Her kan du henge, gjere lekser, spele PlayStation og andre spel, høyre på musikk, spise, og møte nokon å prate med. Til å begynne med er det enkel servering/sal av diverse mat/snacks/kaffe/anna drikke, til ein overkommelig pris. Me tek imot ynskjer!
Onsdag 25.10
Kl 12 Vest-Telemark seniorlæring med Borgny Tøfte - "Du skjønnar'a hòtt eg meinar!"
Borgny har lang røynsle som norsklærar frå 1. klasse til høgskulenivå. Ho vil med det som bakgrunn snakke om kommunikasjon, språk og makt, jåleri og tilsløring med ord i motsetnad til klarspråk.
Alle hjarteleg velkomne Inngangspengar kr. 150,- (medlemmer kr. 100,-) som inkluderar kaffe og kake.
Torsdag 26.10
kl 13 til kl 15 Torsdagsmiddag - Lapskaus!
Kaffe og liten dessert er med i prisen på 170kr! Torsdagar lagar me middag. Her kan du eta eit koseleg måltid saman med andre, og det er alltid triveleg prat over borda. Som avslutning på måltidet får du i tillegg ein desserttallerken og kaffe. Fleire kjøper med seg middag heim.
Fredag 27.10
Kl 11 Førjulsmesse med Solveig f Lie Endrerud
Solveig f Lie Endrerud har salgsmesse med egensydde produkter! Mest gjenbruk, forkle, grytekluter, vesker i stoff, møbelstoff og skinn, og bøttehatter! Kan også sy på bestilling! Ta deg en tur, kanskje du treng noko til julegåver eller til deg sjølv! Rimelege prisar, då detta er ein hobby for meg!
Kl 11 Gubbeklubben
Gode samtaler, ei skrøne av og til, løysing av verdensproblemer, og kafeen selg vaflar og kaffe. Kan det bli bedre? Gubbane våre samlast kvar fredag frå kl 11, og det er alltid plass rundt bordet til fleire. Ta på deg fredagsskoa og kom!
Comments