top of page

Dette skjer i veke 42



Mandag 16.10

Kl 11 Handverkskafé

Kafeen selg vaffel og kaffe, og me brukar tid saman til å snakke om alt mellom himmel og jord. Dei fleste har med eit slags handarbeid, og fleire er med på å produsere strikkevarer til jolemessa i desember. Her er det absolutt lov å vere nybegynnar!


Kom som du er - me har pinnar og garn :-)


Tysdag 17.10

Kl 14 til kl 18 Kaktus Ungdomskafé 🌵

Kaktus ungdomsklubb tar over frivilligsentralen kvar tysdag! Her kan du henge, gjere lekser, spele PlayStation og andre spel, høyre på musikk, spise, og møte nokon å prate med. Til å begynne med er det enkel servering/sal av diverse mat/snacks/kaffe/anna drikke, til ein overkommelig pris. Me tek imot ynskjer!


Onsdag 18.10

Kl 11 til kl 13 Babysong og småbarnstrall

Babysong har til no vore på misjonshuset, og sjølv om lokala blir eit anna er innhald og leiar dei same. Ingunn Liseter lover ei inkluderande og hyggeleg stund i lag med masse song og glede, også blir det ein enkel lunsj etterpå. Babysong og småbarnstrall er for barn 0-5 år. Bli kjent med andre med små barn og lær barnesongar, songleikar og regler. Gratis lunsj, alle er velkomne.


Tilbodet er gratis og ope for alle uavhengig av tru eller livssyn.


Kontakt: Ingunn Liseter, tlf 976 82 694, ingunn@seljordkyrkje.no


Torsdag 19.10

kl 13 til kl 15 Torsdagsmiddag.

Kaffe og liten dessert er med i prisen på 170kr! Torsdagar lagar me middag. Her kan du eta eit koseleg måltid saman med andre, og det er alltid triveleg prat over borda. Som avslutning på måltidet får du i tillegg ein desserttallerken og kaffe. Fleire kjøper med seg middag heim.


Menyer er blant anna:

- Stekt ørret med agurksalat

- Kjøttkaker i brun saus

- Koka kjøt

- Lapskaus

- Med meir!


Fredag 20.10

Kl 11 Gubbeklubben

Gode samtaler, ei skrøne av og til, løysing av verdensproblemer, og kafeen selg vaflar og kaffe. Kan det bli bedre? Gubbane våre samlast kvar fredag frå kl 11, og det er alltid plass rundt bordet til fleire. Ta på deg fredagsskoa og kom!


Sundag 22.10

Kl 13 TV-aksjonen

Årets TV-aksjon! Ta imot bøsseberarane.

Er du ikkje heime? Det er høve til å bruke Vipps (2133) SMS: TVA til 2133 (300kr) Eller ein kan overføre til kontonr. 8380 08 09005

30 visninger

Comments


Siste oppdateringar

bottom of page