Dette skjer i veke 41

Her er det som skjer på Frivilligsentralen i veke 41!
Bruktbui er ope tysdag til fredag frå kl. 11 - kl. 16, og laurdag frå kl. 10 - 14.
Mandag
🧶 Kl 11 Handverkskafé
Kafeen selg vaffel og kaffe, og me brukar tid saman til å snakke om alt mellom himmel og jord. Dei fleste har med eit slags handarbeid, og fleire er med på å produsere strikkevarer til jolemessa i desember. Her er det absolutt lov å vere nybegynnar! Kom som du er - me har pinnar og garn :-)
Onsdag
🤸♀️ Kl 12 - 17 Gratis barneklær
Veldedighetsorganisasjonen Association Mpore Mama har fått så mange klær i donasjonar at dei ikkje har plass til det på lager - i tillegg er det ein del vintertøy som ikkje trengs i varme Burundi. Dei ynskjer å gje det vidare, så ta turen innom om du har barn som treng klær! Kanskje finn du noko du treng.
Torsdag
🍽️ kl 13 til kl 15 Torsdagsmiddag
Denne veka er det heimelaga fårikål! Her kan du eta eit koseleg måltid saman med andre, og det er alltid triveleg prat over borda. Som avslutning på måltidet får du i tillegg ein desserttallerken og kaffe. Fleire kjøper med seg middag heim, til ein pris på 170kr.
🃏 kl 18 Bridgeklubben
Lyst til å spele kort og vere sosial? Kan du ikkje bridge så lærar du det her! Bridgeklubben har vore aktiv i 75 år, og her er det mange hyggelege folk frå Seljord, Hjartdal, Bø, Kviteseid, Lunde og Notodden. Kom og sjå og lær bridge!!
Fredag
🕺 Kl 11 Gubbeklubben
Gode samtaler, ei skrøne av og til, løysing av verdensproblemer, og kafeen selg vaflar og kaffe. Kan det bli bedre? Gubbane våre samlast kvar fredag frå kl 11, og det er alltid plass rundt bordet til fleire. Ta på deg fredagsskoa og kom!
Comments