top of page

Dette skjer i veke 41

Her er det som skjer i veke 41 på frivilligsentralen!

Bruktbui er ope tysdag til fredag frå kl 11 - kl 16 og laurdag frå kl 10 - kl 14!


Mandag 09.10

Kl 11 Handverkskafé

Kvar mandag kl. 11 arrangerer me handverkskafé i Telegrafen kafé, eller i møtelokalet om me er mange. Kafeen selg vaffel og kaffe, og me brukar tid saman til å snakke om alt mellom himmel og jord. Dei fleste har med eit slags handarbeid, og fleire er med på å produsere strikkevarer til jolemessa i desember. Her er det absolutt lov å vere nybegynnar!

Kom som du er - me har pinnar og garn :-)


Tysdag 10.10

Kl 12 til kl 16 Åpning av Kaktus Ungdomskafé 🌵

Kaktus ungdomsklubb startar no med å ta over frivilligsentralen kvar tysdag! Her kan du henge, gjere lekser, spele PlayStation og andre spel, høyre på musikk, spise, og møte nokon å prate med. Til å begynne med er det enkel servering/sal av diverse mat/snacks/kaffe/anna drikke, til ein overkommelig pris. Me tek imot ynskjer! Åpninga er denne tysdagen frå kl 12 til kl 16, og normal åpningstid framover er frå kl 14 til kl 18 ;)


Kl 17 til kl 20 Verdensdagen for psykisk helse // Mental Helse Vest-Telemark

# lagplass er årets tema for Verdensdagen for psykisk helse. Vi i Mental helse Vest-Telemark vil gjøre akkurat dette, lage plass. Vi inviterer til litt mat, musikk, innlegg fra noen som har lag(d) plass, gode samtaler og forhåpentligvis skikkelig god stemning.


På grunn av mat må vi ha påmelding. Dette gjøres gjerne på facebook eller på tekstmelding til Linda 94372573. Arrangementet er gratis for medlemmer og 50kroner for ikke medlemmer. Det er selvfølgelig mulig å melde seg inn på selve dagen.


Torsdag 05.10

kl 13 til kl 15 Torsdagsmiddag.

Kaffe og liten dessert er med i prisen på 170kr! Torsdagar lagar me middag. Her kan du eta eit koseleg måltid saman med andre, og det er alltid triveleg prat over borda. Som avslutning på måltidet får du i tillegg ein desserttallerken og kaffe. Fleire kjøper med seg middag heim.


Menyer er blant anna:

- Stekt ørret med agurksalat

- Kjøttkaker i brun saus

- Koka kjøt

- Lapskaus

- Med meir!


Fredag 06.10

Kl 11 Gubbeklubben

Gode samtaler, ei skrøne av og til, løysing av verdensproblemer, og kafeen selg vaflar og kaffe. Kan det bli bedre? Gubbane våre samlast kvar fredag frå kl 11, og det er alltid plass rundt bordet til fleire. Ta på deg fredagsskoa og kom!

19 visninger

Comments


Siste oppdateringar

bottom of page