top of page

Dette skjer i veke 40



Her er det som skjer i veke 40 på frivilligsentralen!


Bruktbui er ope tysdag til fredag frå kl 11 - kl 16 og laurdag frå kl 10 - kl 14!


Mandag 02.10

Kl 11 Handverkskafé

Kvar mandag kl. 11 arrangerer me handverkskafé i Telegrafen kafé, eller i møtelokalet om me er mange. Kafeen selg vaffel og kaffe, og me brukar tid saman til å snakke om alt mellom himmel og jord. Dei fleste har med eit slags handarbeid, og fleire er med på å produsere strikkevarer til jolemessa i desember. Her er det absolutt lov å vere nybegynnar!

Kom som du er - me har pinnar og garn :-)


Kl 17.30 "Plassen" med Mental Helse Vest-Telemark

Linda frå Mental Helse Vest-Telemark ber alle med til (møte)Plassen den fyrste mandagen i månaden med litt forskjellig tema. Tema denne gongen er å skravle og bli litt kjent ;) Ho byr på kaffe, frukt og kake. Gratis inngong, alle er hjarteleg velkomne!

Torsdag 05.10

kl 13 til kl 15 Torsdagsmiddag.

Kaffe og liten dessert er med i prisen på 170kr! Torsdagar lagar me middag. Her kan du eta eit koseleg måltid saman med andre, og det er alltid triveleg prat over borda. Som avslutning på måltidet får du i tillegg ein desserttallerken og kaffe. Fleire kjøper med seg middag heim.


Menyer er blant anna:

- Stekt ørret med agurksalat

- Kjøttkaker i brun saus

- Koka kjøt

- Lapskaus

- Med meir!

Fredag 06.10

Kl 11 Gubbeklubben

Gode samtaler, ei skrøne av og til, løysing av verdensproblemer, og kafeen selg vaflar og kaffe. Kan det bli bedre? Gubbane våre samlast kvar fredag frå kl 11, og det er alltid plass rundt bordet til fleire. Ta på deg fredagsskoa og kom!


24 visninger

Siste oppdateringar

bottom of page