top of page

Dette skjer i veke 4


Her er alt som skjer i veke 4 på frivilligsentralen 


Bruktbui er ope tysdag til fredag frå kl 11 til kl 16!


Mandag 22.01 

🧶 Kl 11 Handverkskafé Kafeen selg vaffel og kaffe, og me brukar tid saman til å snakke om alt mellom himmel og jord. Dei fleste har med eit slags handarbeid, og fleire er med på å produsere strikkevarer til jolemessa i desember. Her er det absolutt lov å vere nybegynnar! Kom som du er - me har pinnar og garn :-)


Tysdag 23.01 

🧑‍🏫 Kl 12 Petter Kongsgården til Vest-Telemark Seniorlæring

Alle hjarteleg velkomne. Inngangspengar kr. 150,- (medlemmer kr. 100,-) som inkluderar kaffe og kake


Onsdag 24.01 

🃏 Kl 18 Nybegynnerkurs i bridge

Liker du å spille kort - eller har lyst å lære? Bli med på Kurs i bridge for nybegynnere! Venner og bekjente i alle aldre rundt om Telemark er velkommen til å lære seg Bridge. Kurset er kostnadsfritt for alle deltagere, og føregår gjennom 6 onsdager fra januar i trivelige omgivelser, hygge og servering av kaffe og vafler.


For påmelding ta kontakt med Daniel på 48459666 eller send oss ei melding på Seljord bridgeklubb på facebook.


Torsdag 25.01 

🍽️ kl 13 til kl 15 Torsdagsmiddag

Denne veka er det heimelaga lapskaus! Her kan du eta eit koseleg måltid saman med andre, og det er alltid triveleg prat over borda. Som avslutning på måltidet får du i tillegg ein desserttallerken og kaffe. Fleire kjøper med seg middag heim, til ein pris på 170kr.


🃏 kl 18 Bridgeklubben Lyst til å spele kort og vere sosial? Kan du ikkje bridge så lærar du det her! Bridgeklubben har vore aktiv i 75 år, og her er det mange hyggelege folk frå Seljord, Hjartdal, Bø, Kviteseid, Lunde og Notodden. Kom og sjå og lær bridge!!


Fredag 26.01

🕺 Kl 11 Gubbeklubben Gode samtaler, ei skrøne av og til, løysing av verdensproblemer, og kafeen selg vaflar og kaffe. Kan det bli bedre? Gubbane våre samlast kvar fredag frå kl 11, og det er alltid plass rundt bordet til fleire. Ta på deg fredagsskoa og kom!

21 visninger

Siste oppdateringar

bottom of page