top of page

Dette skjer i veke 39





Her er det som skjer i veke 39 på frivilligsentralen!

Bruktbui er ope tysdag til fredag frå kl 11 - kl 16!


Mandag 25.09

Kl 11 Handverkskafé

Kvar mandag kl. 11 arrangerer me handverkskafé i Telegrafen kafé, eller i møtelokalet om me er mange. Kafeen selg vaffel og kaffe, og me brukar tid saman til å snakke om alt mellom himmel og jord. Dei fleste har med eit slags handarbeid, og fleire er med på å produsere strikkevarer til jolemessa i desember. Her er det absolutt lov å vere nybegynnar!

Kom som du er - me har pinnar og garn :-)


Onsdag 27.09

Kl 12 Vest-Telemark seniorlæring - Utvandring til Amerika fra Seljord, Kviteseid og Bø

Foredragshaldarar: Øyvind T. Gulliksen, professor / emeritus / ved USN og Kari Grønningsæter, universitetslektor, UiA. Begge to har undervist ved Luther College i Decorah, Iowa, Saman vil dei fortelja om kjente, og mindre kjente Amerikahistorier om folk som utvandret fra Seljord, Kviteseid og bygdene rundt.

Inngangspengar kr. 150,- (medlemmer kr. 100,-) som inkluderar kaffe og kake.


Torsdag 28.09

kl 13 til kl 15 Torsdagsmiddag.

Kaffe og liten dessert er med i prisen på 170kr! Torsdagar lagar me middag. Her kan du eta eit koseleg måltid saman med andre, og det er alltid triveleg prat over borda. Som avslutning på måltidet får du i tillegg ein desserttallerken og kaffe. Fleire kjøper med seg middag heim.


Menyer er blant anna:

- Stekt ørret med agurksalat

- Kjøttkaker i brun saus

- Koka kjøt

- Lapskaus

- Med meir!


Fredag 29.09

Kl 11 Gubbeklubben

Gode samtaler, ei skrøne av og til, løysing av verdensproblemer, og kafeen selg vaflar og kaffe. Kan det bli bedre? Gubbane våre samlast kvar fredag frå kl 11, og det er alltid plass rundt bordet til fleire. Ta på deg fredagsskoa og kom!

19 visninger

Siste oppdateringar

bottom of page