top of page

Dette skjer i veke 37




Her er det som skjer i veke 37 på frivilligsentralen!


Bruktbui er ope tysdag til fredag frå kl 11 - kl 16!


Mandag 11.09

Kl 11 Handverkskafé

Kvar mandag kl. 11 arrangerer me handverkskafé i Telegrafen kafé, eller i møtelokalet om me er mange. Kafeen selg vaffel og kaffe, og me brukar tid saman til å snakke om alt mellom himmel og jord. Dei fleste har med eit slags handarbeid, og fleire er med på å produsere strikkevarer til jolemessa i desember. Her er det absolutt lov å vere nybegynnar!

Kom som du er - me har pinnar og garn :-)


Torsdag 14.09

kl 13 til kl 15 Torsdagsmiddag.

Kaffe og liten dessert er med i prisen på 170kr!

Torsdagar lagar me middag. Her kan du eta eit koseleg måltid saman med andre, og det er alltid triveleg prat over borda. Som avslutning på måltidet får du i tillegg ein desserttallerken og kaffe. Fleire kjøper med seg middag heim.


Menyer er blant anna:

- Stekt ørret med agurksalat

- Kjøttkaker i brun saus

- Koka kjøt

- Lapskaus

- Med meir!


Fredag 15.09

Kl 11 Gubbeklubben

Gode samtaler, ei skrøne av og til, løysing av verdensproblemer, og kafeen selg vaflar og kaffe. Kan det bli bedre? Gubbane våre samlast kvar fredag frå kl 11, og det er alltid plass rundt bordet til fleire. Ta på deg fredagsskoa og kom!


17 visninger

Siste oppdateringar

bottom of page