Dette skjer i veke 26

Her er det som skjer på Frivilligsentralen i veke 26!
Bruktbui er ope tysdag til fredag frå kl. 11 - kl. 16.
Me har også ope i Bruktbui på nattåpent, og det skal ikkje mangle med gode tilbod! Berre å glede seg!
Torsdag
🍽️ kl 13 til kl 15 Torsdagsmiddag
Siste Torsdagsmiddag før sommaren, og Heidi slår til med heimelaga kjøttkaker! Her kan du eta eit koseleg måltid saman med andre, og det er alltid triveleg prat over borda. Som avslutning på måltidet får du i tillegg ein desserttallerken og kaffe. Fleire kjøper med seg middag heim, til ein pris på 170kr.
Fredag
🕺 Kl 11 Gubbeklubben
Gode samtaler, ei skrøne av og til, løysing av verdensproblemer, og kafeen selg vaflar og kaffe. Kan det bli bedre? Gubbane våre samlast kvar fredag frå kl 11, og det er alltid plass rundt bordet til fleire. Ta på deg fredagsskoa og kom!
🌌 Nattope på Bruktbui
Det blir flust med gode tilbod, berre stikk innom!
Etter denne veka tek Frivilligsentralen sommarferie, men Bruktbui er ope i løp av sommaren. Me får inn nye ting heile tida, så det er verdt å ta ein tur!
Comments