top of page

Dette skjer i veke 22


Her er det som skjer på Frivilligsentralen i veke 22!

Bruktbui er ope tysdag til fredag frå kl. 11 - kl. 16.


Mandag

🧶 Kl 11 Handverkskafé Kafeen selg vaffel og kaffe, og me brukar tid saman til å snakke om alt mellom himmel og jord. Dei fleste har med eit slags handarbeid, og fleire er med på å produsere strikkevarer til jolemessa i desember. Her er det absolutt lov å vere nybegynnar! Kom som du er - me har pinnar og garn :-)


Onsdag

👶🎶 Kl 11 - 13 Babysong og småbarnstrall

Denne veka kjem Veslemøy Fjerdingstad og har songen! Veslemøy har jobba lenge med musikkopplæringa på Kongsberg, og har i særskilt grad vektlagt betydninga av gamle songtradisjonar. Her har ho også brukt musikken inn i barnehagepedagogikken, og sjølv spilt inn musikk for formålet.


Dette er verkeleg noko du må få med deg! Me prioriterar plass til foresatte i Seljord kommune. Etter songen blir det som alltid ein enkel lunsj etterpå.


Babysong og småbarnstrall er for barn 0-5 år. Bli kjent med andre med små barn og lær barnesongar, songleikar og regler. Arrangementene er sponsa av Sparebankstiftelsen DNB og Seljord kommune.


Tilbodet er gratis og ope for alle uavhengig av tru eller livssyn. Kontakt: Ingunn Liseter, tlf 976 82 694, ingunn@seljordkyrkje.no


🫶 Kl 18 Øvre Telemark lokallag NFF

Fibromyalgitreff for alle interesserte. Velkommen!


Torsdag

🍽️ kl 13 til kl 15 Torsdagsmiddag

Denne veka er det kotelettar! Her kan du eta eit koseleg måltid saman med andre, og det er alltid triveleg prat over borda. Som avslutning på måltidet får du i tillegg ein desserttallerken og kaffe. Fleire kjøper med seg middag heim, til ein pris på 170kr.


🃏 kl 18 Bridgeklubben 

Lyst til å spele kort og vere sosial? Kan du ikkje bridge så lærar du det her! Bridgeklubben har vore aktiv i 75 år, og her er det mange hyggelege folk frå Seljord, Hjartdal, Bø, Kviteseid, Lunde og Notodden. Kom og sjå og lær bridge!!


Fredag

🕺 Kl 11 Gubbeklubben 

Gode samtaler, ei skrøne av og til, løysing av verdensproblemer, og kafeen selg vaflar og kaffe. Kan det bli bedre? Gubbane våre samlast kvar fredag frå kl 11, og det er alltid plass rundt bordet til fleire. Ta på deg fredagsskoa og kom!

6 visninger

Comments


Siste oppdateringar

Kontakt oss

414 78 200

Untitled design (2).png
Untitled design (2).png

© 2022 Seljord frivilligsentral                                                                                                                                                        Laget med Wix.com

Seljord_Hovedlogo.png
bottom of page