top of page

Dette skjer i veke 19


Her er det som skjer på Frivilligsentralen i veke 19!


Bruktbui er ope tysdag til fredag frå kl. 11 - kl. 16, og laurdag frå kl. 10 - kl. 14.


Mandag

🧶 Kl 11 Handverkskafé Kafeen selg vaffel og kaffe, og me brukar tid saman til å snakke om alt mellom himmel og jord. Dei fleste har med eit slags handarbeid, og fleire er med på å produsere strikkevarer til jolemessa i desember. Her er det absolutt lov å vere nybegynnar! Kom som du er - me har pinnar og garn :-)


Onsdag

👶🎶 Kl 11 - 13 Babysong og småbarnstrall

Ingunn Liseter lover ei inkluderande og hyggeleg stund i lag med masse song, også blir det ein enkel lunsj etterpå. Babysong og småbarnstrall er for barn 0-5 år. Bli kjent med andre med små barn og lær barnesongar, songleikar og regler. Gratis lunsj, alle er velkomne.


Tilbodet er gratis og ope for alle uavhengig av tru eller livssyn. Kontakt: Ingunn Liseter, tlf 976 82 694, ingunn@seljordkyrkje.no


Torsdag

🃏 kl 18 Bridgeklubben 

Usikker, men spør dei i facebookgruppa deira!


Lyst til å spele kort og vere sosial? Kan du ikkje bridge så lærar du det her! Bridgeklubben har vore aktiv i 75 år, og her er det mange hyggelege folk frå Seljord, Hjartdal, Bø, Kviteseid, Lunde og Notodden. Kom og sjå og lær bridge!!


Fredag

🕺 Kl 11 Gubbeklubben 

Gode samtaler, ei skrøne av og til, løysing av verdensproblemer, og kafeen selg vaflar og kaffe. Kan det bli bedre? Gubbane våre samlast kvar fredag frå kl 11, og det er alltid plass rundt bordet til fleire. Ta på deg fredagsskoa og kom!

3 visninger

Kommentare


Siste oppdateringar

bottom of page