Dette skjer i veke 14
Her er det som skjer på Frivilligsentralen i veke 14!
Bruktbui er ope tysdag til fredag frå kl. 11 - kl. 16. Laurdag er det ope frå kl. 10 - kl. 14
Tysdag 02.04
🇺🇦 Kl 13-17 Ein smak av Ukraina
Frivillige ukrainske damer diskar opp med tradisjonell ukrainsk mat tysdagar de neste vekene. Kom innom, stift nye bekjentskap på tvers av kultur og landegrenser, og prøv GOD mat!
Dette er eit samarbeid mellom avdeling for integrering og vaksenopplæring og Seljord Frivilligsentral.
Onsdag 03.04
🃏 Kl 18 Nybegynnerkurs i bridge
Liker du å spille kort - eller har lyst å lære? Bli med på Kurs i bridge for nybegynnere! Venner og bekjente i alle aldre rundt om Telemark er velkommen til å lære seg Bridge. Kurset er kostnadsfritt for alle deltagere, og føregår gjennom 6 onsdager fra januar i trivelige omgivelser, hygge og servering av kaffe og vafler.
For påmelding ta kontakt med Daniel på 48459666 eller send oss ei melding på Seljord bridgeklubb på facebook.
Torsdag 04.04
🍽️ kl 13 til kl 15 Torsdagsmiddag
Denne veka er det fisk! Her kan du eta eit koseleg måltid saman med andre, og det er alltid triveleg prat over borda. Som avslutning på måltidet får du i tillegg ein desserttallerken og kaffe. Fleire kjøper med seg middag heim, til ein pris på 170kr.
🃏 kl 18 Bridgeklubben
Lyst til å spele kort og vere sosial? Kan du ikkje bridge så lærar du det her! Bridgeklubben har vore aktiv i 75 år, og her er det mange hyggelege folk frå Seljord, Hjartdal, Bø, Kviteseid, Lunde og Notodden. Kom og sjå og lær bridge!!
Fredag 05.04
🕺 Kl 11 Gubbeklubben
Gode samtaler, ei skrøne av og til, løysing av verdensproblemer, og kafeen selg vaflar og kaffe. Kan det bli bedre? Gubbane våre samlast kvar fredag frå kl 11, og det er alltid plass rundt bordet til fleire. Ta på deg fredagsskoa og kom!
Comments