top of page

Dette skjer i veke 12



Her er alt som skjer i veke 12 på frivilligsentralen 


Bruktbui er ope tysdag til fredag frå kl 11 til kl 16!


Mandag 18.03

🧶 Kl 11 Handverkskafé 

Kafeen selg vaffel og kaffe, og me brukar tid saman til å snakke om alt mellom himmel og jord. Dei fleste har med eit slags handarbeid, og fleire er med på å produsere strikkevarer til jolemessa i desember. Her er det absolutt lov å vere nybegynnar! Kom som du er - me har pinnar og garn :-)


🌼 Kl 12 Fellesmøte for frivillige 

Fellesmøte for alle frivillige på Seljord Frivilligsentral!

Velkomen til fellesmøte for alle frivillige 18. mars kl 12. Det blir kake og kaffe og litt info  Har du nokre innspel? Kom med det før eller under møtet

Håpar å sjå dykk!


Tysdag 19.03

🇺🇦 Kl 13-17 Ein smak av Ukraina

Frivillige ukrainske damer diskar opp med tradisjonell ukrainsk mat tysdagar de neste vekene. Kom innom, stift nye bekjentskap på tvers av kultur og landegrenser, og prøv GOD mat!


Dette er eit samarbeid mellom avdeling for integrering og vaksenopplæring og Seljord Frivilligsentral.


Torsdag 21.03

🍽️ kl 13 til kl 15 Torsdagsmiddag

Denne veka er det karbonader! Her kan du eta eit koseleg måltid saman med andre, og det er alltid triveleg prat over borda. Som avslutning på måltidet får du i tillegg ein desserttallerken og kaffe. Fleire kjøper med seg middag heim, til ein pris på 170kr.


🃏 kl 18 Bridgeklubben Lyst til å spele kort og vere sosial? Kan du ikkje bridge så lærar du det her! Bridgeklubben har vore aktiv i 75 år, og her er det mange hyggelege folk frå Seljord, Hjartdal, Bø, Kviteseid, Lunde og Notodden. Kom og sjå og lær bridge!!


Fredag 22.03

🕺 Kl 11 Gubbeklubben Gode samtaler, ei skrøne av og til, løysing av verdensproblemer, og kafeen selg vaflar og kaffe. Kan det bli bedre? Gubbane våre samlast kvar fredag frå kl 11, og det er alltid plass rundt bordet til fleire. Ta på deg fredagsskoa og kom!

26 visninger

Comments


Siste oppdateringar

Kontakt oss

414 78 200

Untitled design (2).png
Untitled design (2).png

© 2022 Seljord frivilligsentral                                                                                                                                                        Laget med Wix.com

Seljord_Hovedlogo.png
bottom of page