Dette skjer i veke 11
Her er alt som skjer i veke 11 på frivilligsentralen
Bruktbui er ope tysdag til fredag frå kl 11 til kl 16!
Mandag 12.03
🧶 Kl 11 Handverkskafé
Kafeen selg vaffel og kaffe, og me brukar tid saman til å snakke om alt mellom himmel og jord. Dei fleste har med eit slags handarbeid, og fleire er med på å produsere strikkevarer til jolemessa i desember. Her er det absolutt lov å vere nybegynnar! Kom som du er - me har pinnar og garn :-)
Tysdag 13.03
🧑🏫 Kl 12 Benedicte Moen frå Vinmonopolet og Klas Erik Vefald til Vest-Telemark Seniorlæring
Benedicte Moen skal halde foredrag og Vinmonopolets historie og samfunnsoppdrag, om ansvarleg salg av alkohol og korleis Vinmonopolet er bygd opp med hensyn til bestillingsutvalg, miljø osv.
Streiftokt i vinverden
Deretter vil Klas Erik Vefald gje nokre streiftokter i vinverden, han har bakgrunn fra servitørbransjen i Oslo og fra nødvendige grunnkurs om vin og skjenkeløyver han må ha som medarbeider i Lofthus-gruppa i Oslo. Han vil fortelje om ulike vintyper, særtrekk ved forskjellige produksjonsområde, om lagring og servering av vin og valg av vintyper til ulike matrettar. Om eit strengt regelverket for servering av alkohol på restaurant.
Etter foredraga er det årsmøte for Vest-Telemark Seniorlæring.
Inngangspengar kr. 200,- (medlemmer kr. 150,-) som inkluderar kaffe og kake.
Alle hjarteleg velkomne.
Onsdag 14.03
👶🎶 Kl 11 - 13 Babysong og småbarnstrall
Ingunn Liseter lover ei inkluderande og hyggeleg stund i lag med masse song og glede, også blir det ein enkel lunsj etterpå. Babysong og småbarnstrall er for barn 0-5 år. Bli kjent med andre med små barn og lær barnesongar, songleikar og regler. Gratis lunsj, alle er velkomne.
Tilbodet er gratis og ope for alle uavhengig av tru eller livssyn. Kontakt: Ingunn Liseter, tlf 976 82 694, ingunn@seljordkyrkje.no
Torsdag 15.03
🍽️ kl 13 til kl 15 Torsdagsmiddag
Denne veka er det koteletter! Her kan du eta eit koseleg måltid saman med andre, og det er alltid triveleg prat over borda. Som avslutning på måltidet får du i tillegg ein desserttallerken og kaffe. Fleire kjøper med seg middag heim, til ein pris på 170kr.
🃏 kl 18 Bridgeklubben Lyst til å spele kort og vere sosial? Kan du ikkje bridge så lærar du det her! Bridgeklubben har vore aktiv i 75 år, og her er det mange hyggelege folk frå Seljord, Hjartdal, Bø, Kviteseid, Lunde og Notodden. Kom og sjå og lær bridge!!
Fredag 16.03
🕺 Kl 11 Gubbeklubben Gode samtaler, ei skrøne av og til, løysing av verdensproblemer, og kafeen selg vaflar og kaffe. Kan det bli bedre? Gubbane våre samlast kvar fredag frå kl 11, og det er alltid plass rundt bordet til fleire. Ta på deg fredagsskoa og kom!
Comments