top of page

Dette skjer i veke 10



Her er alt som skjer i veke 10 pÄ frivilligsentralen 

Bruktbui er ope tysdag til fredag frÄ kl 11 til kl 16, og laurdag frÄ kl 10 til kl 14!


Mandag 04.03

đŸ§¶Â Kl 11 Handverkskafé Kafeen selg vaffel og kaffe, og me brukar tid saman til Ă„ snakke om alt mellom himmel og jord. Dei fleste har med eit slags handarbeid, og fleire er med pĂ„ Ă„ produsere strikkevarer til jolemessa i desember. Her er det absolutt lov Ă„ vere nybegynnar! Kom som du er - me har pinnar og garn :-)


Torsdag 07.03

đŸœïžÂ kl 13 til kl 15 Torsdagsmiddag

Denne veka er amerikansk gryte! Her kan du eta eit koseleg mÄltid saman med andre, og det er alltid triveleg prat over borda. Som avslutning pÄ mÄltidet fÄr du i tillegg ein desserttallerken og kaffe. Fleire kjÞper med seg middag heim, til ein pris pÄ 170kr.


🃏 kl 18 Bridgeklubben Lyst til Ă„ spele kort og vere sosial? Kan du ikkje bridge sĂ„ lĂŠrar du det her! Bridgeklubben har vore aktiv i 75 Ă„r, og her er det mange hyggelege folk frĂ„ Seljord, Hjartdal, BĂž, Kviteseid, Lunde og Notodden. Kom og sjĂ„ og lĂŠr bridge!!


Fredag 09.03

đŸ•ș Kl 11 Gubbeklubben Gode samtaler, ei skrĂžne av og til, lĂžysing av verdensproblemer, og kafeen selg vaflar og kaffe. Kan det bli bedre? Gubbane vĂ„re samlast kvar fredag frĂ„ kl 11, og det er alltid plass rundt bordet til fleire. Ta pĂ„ deg fredagsskoa og kom!

24 visninger

Siste oppdateringar

bottom of page