Bli med Vinje Pensjonistlag og Magnus Reiser til Blomstring i Hardanger


4 dagar 10.-13. mai.


Avreise frå Kroa i Åmot 09.00 til Langesund med påstigning undervegs og avreise 14.30 med Fjord Line, der vi får tildela lugar og middagsbufe om kvelden og høve til taxfree handel.


Onsdag er vi i Bergen 12.30 med frokost om bord, så tur opp på Fløyen med lunsj og litt tid i Bergen før avreise til Ulvik og Brakanes hotell med middag om kvelden.


Torsdag besøker vi Olav H. Hauge-senteret med alt dette har å by på. Lunsj på Lekve gård i Ulvik med alt denne har å syne fram, til middag på hotellet om kvelden.


Fredag heimtur over Hardangerbrua og stopp på Geilo for lunsj og vidare heim.


Pris p.p., kr 5850- med tillegg for enkeltrom/lugar og utvendig lugar.


Påmelding innan 19. april til 35973300, Magnus Reiser, nærare opplysningar 95722433 v/Tor

Mvh Tukomiteen i Vinje Pensjonistlag v/Tor Strømme

Siste nyheter
Arkiv
Følg oss
Ingen tagger enda.
Søk i tagger
  • Facebook Basic Square
  • Google+ Basic Square