Har du ein gitar å avsjå?

Gratis for lokale frivillige organisasjonar
Vekesplan
Siste nytt
Vi kan ikke vedta kommunale venner eller vedta at folk skal føle seg inkludert. Men vi kan gjøre det lett å delta - lett å være med.
Frivillighet, Hadia Tajik
Tilbod, aktivitetar
og frivillig arbeid
Her er nokre aktivitetar og det frivillige arbeidet tilknytta aktivitetane.
Du er velkommen som både publikum og frivillig på Frivilligsentralen <3

Handverkskafé
Handverksinteresserte møtes kvar mandag frå kl 11 og hjelper kvarandre med ideer, utforming, og delar inspirasjon til vidare prosjekt. Frivillige ordnar vafler og kaffe.

Bruktbui
Bui driftast på frivillig basis. Frivillige arbeidar i kassa, tek imot nye varer og rydder i hyller. Me treng det DU kan! ;-)

Bygdevert
Lokalkjende personar som bidreg til å gjere det lettare å vere ny i Seljord. Samarbeid med bygdeutviklaren.

Torsdagsmiddag
Laging og servering av heimelaga middag kvar torsdag frå kl 13 - 15. Ein fast ansatt har hovedansvaret for maten. Frivillige kan lage mat, stå i kasse og/eller servere.

Gubbeklubben
Gode samtaler, ei skrøne av og til og løysing av verdensproblemer. Kan det bli bedre? Gubbane våre samlast kvar fredag frå kl 11, og det er alltid plass rundt bordet til fleire. Ta på deg fredagsskoa og kom! Frivillige lagar vafler og kaffe.

Har du ein idé?
Ikkje nøl med å komme med forslag til aktivitet på sentralen! Me er opne for det meste.