top of page

Ressurssenter

Seljord Frivilligsentral hjelper frivillige lag, organisasjonar og enkeltpersonar med å realisere prosjekt. Me utviklar oss til å bli eit stabilt ressurssenter som kan tilby mange typer hjelp.

Tilhøyrer du ikkje noko lag eller organisasjon, men vil få til eit prosjekt? Ta kontakt - me hjelper deg.

Ressurssar

Gratis møtelokalar

Frivilligsentralen tilbyr no gratis møtelokalar til frivillige lag, 

organisasjonar og enkeltpersonar i Seljord kommune - det er plass til alt frå årsmøter til faste samlingar.

I tillegg er det mogleg å oppbevare utstyr i våre lagerlokalar.

Marknadsføring

Me hjelper gjerne til med marknadsføring, enten ved å dele prosjekt eller arrangement på vår heimeside og på vår SoMe, eller hjelpe deg med å gjere det sjølv. 

Søknadsskriving

Dagleg leiar hjelper gjerne til med søknadsskriving, og har ein generell oversikt over plassar ein kan søke. Ta med ein god idé, så hjelper me deg vidare i prosjektet.

Digitale verktøy

Treng du hjelp til å lage td. plakater, og rullebannere, lage gode og oversiktlige dokument, eller hjelp til å sortere digitale filer? Dagleg leiar hjelper deg. Ta med eigen pc.

Rapportering

Når ein får midlar må ein ofte rapportere inn bruken av dei etter prosjektet eller arrangementet er ferdig. Fleire gruar seg til dette, så dagleg leiar bidreg gjerne. Hugs å ta med alle kvitteringar, og gjerne nokre bilete av prosjektet.

Anna administrasjon

Om det er noko anna som stoppar deg og/eller ditt lag/organisasjon frå å gjennomføre eit prosjekt eller arrangement? Me kan hjelpe, så ikkje nøl med å ta kontakt. 

Her kjem det nokre bilete :)

This is a Paragraph. Click on "Edit Text" or double click on the text box to start editing the content.

Kontakt oss

414 78 200

Untitled design (2).png
Untitled design (2).png

© 2022 Seljord frivilligsentral                                                                                                                                                        Laget med Wix.com

Seljord_Hovedlogo.png
bottom of page