
Takk til alle som kom på onsdagsmiddagen vår
Enda ein solskinnsdag og onsdagsmiddag i Åmotsdal er unnagjort. Det var fullt hus og gode samtaler rundt borda. Tusen takk til alle de som møter opp og gjer dette til ein festdag for oss frå Frivilligsentralen. Vel møtt att om 14 dagar.

Gubbeklubben fredag 26.02 kl.11
Vafflar, kaffe, gode samtaler, ei skrøne av og til, problemløsning og Ruths glade anskikt. Alt dette og meire til får du kvar fredag på Gubbeklubb. Velkommen!

Torsdagsmiddag 25.02 - Kjøttkaker
Velkommen til trivelig middag på torsdag 25.02 på Frivilligsentralen, servering fra kl.13-15. Kjøttkaker med poteter og grønnsaker, liten dessert og kaffe kr 150,-

Onsdagsmiddag i Åmotsdal 24. februar. NYTT REGELVERK. Plass til fleire!
Velkommen til ny onsdagsmiddag på Grendehuset onsdag 24. februar kl 1530. Endeleg er det endringar i regelverket for kor mange som kan samlas i eit arrangement. Nå kan me ta imot alle gjester i ei gruppe og har god plass til fleire. Men du må melde deg på snarast.
Kjetils tur vil hente etter avtale i Åmotsdal. Langlim, Mandal og Flatdal.
På menyen står heimelaga kjøttkaker m/surkål. Kaffe og dessert høyrer med. Ring Anne Marie på tlf 41 47 82 00 eller Kjetils Tur på tlf 9

Strikkekafé Mandag 22.02 kl.11 PÅMELDING
Velkommen til Strikkekafé i dag. Me kan være maksimalt 10 personer.

Gubbeklubben 19.02 - PÅMELDING!
Gubbeklubben 19.02 kl.11:00 - Maksimalt 10 personer Påmelding til Anne Marie tlf 41478200 Vafflar, kaffe, gode samtaler, ei skrøne av og til, problemløsning og Ruths glade ansikt. Alt dette og meire til får du på fredag på Gubbeklubb. Velkommen!

Torsdagsmiddag 18.02 - Gryterett. Påmelding/Maksimalt 10 pers
Torsdagsmiddag på Frivilligsentralen 18.02, servering fra kl.13-15 Gryterett, liten dessert og kaffe kr 150,- Påmelding til Anne Marie tlf 41478200

Strikkekafé kl.11 i dag. Maximalt 10 stk. Påmelding.
Velkommen til Strikkekafé i dag 15.02 kl.11:00. Me kan være maksimalt 10 personer.

Det blei ein flott dag i Åmotsdal
Me hadde kapasitet til å servere 20 stk til middag på onsdag på Grendehuset. Desverre måtte me dele det inn i to grupper pga restriksjonane som rår. Me måtte sei nei til nokre som ikkje fekk plass. Gode røur og blide og mette gjester. Dette var ein pangstart og me ser fram til neste middag onsdag om 14 dagar. Takk til alle som kom og gjorde dagen fin.

Åmotsdal i vinterprakt
I dag har me vore på Grendehuset og klargjort til den fyrste onsdagsmiddagen i morgo 10. februar. Nydeleg vinterlandskap, flott grendehus og trivelege Åmotsdølar. Me gler oss til dette. Fyr på peisen og heimlaga lapskaus med dessert er klart til gjestene våre. Det er 3 ledige plassar til kl 1330. Ring Anne Marie på 41 47 82 00