Onsdagsmiddag i Åmotsdal 10. februar. Me prøvar igjen!

Pga strenge smitteverntiltak måtte me avlyse onsdagsmiddagen 27. januar.


Seljord Frivilligsentral har tenkt nøye gjennom situasjonen med arrangement. Og kome til at dersom me er forsiktige og følger regelverk som godt smittevern, er det viktig å ha møtestadar og å kunne treffe andre.


Etter nøye vurderingar har me kome fram til at me vil ha middagsservering onsdag 10. februar på Grendehuset.


Fyrste gruppe blir servert middag kl 13:30 til maks 10 personar. Kjetils tur vil hente etter avtale i Åmotsdal. Langlim og Flatdal.


Ny gruppe kan koma kl 15:00. Denne gruppa må syte for eigen transport. Me avsluttar kl 17:00


Me har god avstand mellom borda. Me følger regelverket for smittevern.


Me må ha påmelding til begge middagsgruppene.


Ring Anne Marie på tlf 41 47 82 00 eller Kjetils Tur på tlf 90 14 64 10 for påmelding snarast og seinast måndag 8. februar.


Me vil prøve oss fram og det kan bli reguleringar, evt avlysning dersom myndighetane krev det. Men alle påmeldte vil da bli kontakta om dette.


Me håpar at det vil vera eit triveleg tiltak som kan vera til glede for folk i bygdene våre.










Siste nyheter
Arkiv
Følg oss
Ingen tagger enda.
Søk i tagger
  • Facebook Basic Square
  • Google+ Basic Square

© 2015 byCreative. Kontakt webmaster på post@seljordfrivilig.no

  • Facebook App Icon