top of page

Onsdagsmiddag i Åmotsdal


Me har i mange år hatt torsdagsmiddag her på sentralen i Seljord. Dette har vorte godt besøk og kanskje enda meir i koronatida. Så då skal me prøve å flytte dette ut i distriktet.


Onsdag 27. januar vil Seljord Frivilligsentral flytte seg til Grendehuset i Åmotsdal for å servere god, gamaldags heimelaga middag til bygdas innbyggarar. Folk frå Flatdal og andre bygder er også hjarteleg velkommen.


I eit prosjekt frå fylkeskommunen har Seljord Frivilligsentral fått midlar til å kunne arrangere middagsservering utafor Seljord sentrum.


I mange år har sentralen hatt sin faste torsdagsmiddag i Seljord. Den har vore godt besøkt og er ein fin sosial møteplass samtidig som ein får eit godt måltid.


Kvar andre onsdag i månaden vil me nå arrangere middagar i Åmotsdal.

Kjetils tur vil hente og kjøre dei som bur heime og ikkje har anledning til å koma seg til Grendehuset ved eigen hjelp.


Me håpar at så mange som mogleg vil møte opp for å eta godt, få ei hyggeleg tid saman med naboar og andre.


Det blir servert middag frå kl 14 til kl 18. Middagsmenyen er lapskaus, kjøttkaker med ertestuing, kotelettar stekt i ovn på grønnsaksseng, koka kjøtt med sursøt saus og kålrabistappe, stekt fisk, gryterett. Det vil bli annonsnera kva som er på menyen kvar veke.

Det fyljer med ein liten dessert og kaffe også.


I tillegg kan me tilby vaflar eller kringle og kaffe.


Me håpar at så mange som mogleg vil finne vegen til Grendehuset og nytte seg av dette tilbodet. Me skal ha fyr på peisen og maten klar.


Be med deg ein nabo eller venn og kom.


Me tek atterhald om avlysing dersom koronatiltaka krev det.


Ring Anne Marie på 414 78 200 eller Kjetils tur på tlf 901 46 410 for transport seinast måndag 25. januar





Onsdagsmeny i Åmotsdal vinteren 2021 fram til påske


Onsdag 27. januar Lapskaus, is til dessert


Onsdag 10. februar Heimelaga kjøttkaker med ertestuing, fruktcocktail til dessert


Onsdag 24. februar Stekt laks eller ørret med agurksalat, gele med vaniljesuas


Onsdag 10. mars Koka kjøt med kålrabistappe, sursøt saus, is til dessert


Onsdag 24. mars Stekte kotelettar på grønnsakseng, is til dessert



349 visninger

Commentaires


Siste oppdateringar

bottom of page