top of page

Ledig stilling i Seljord Frivilligsentral 50%

Ledig stilling i Seljord Frivilligsentral som koordinator/assistent i 50%

 

Er du ein nevenyttig person med interesse for friluftsliv?

Seljord Frivilligsentral opprettar utlånssentral gjennom BUA-konseptet og ser etter ein koordinator/assistent i 50% stilling. Formålet er å koordinere utlån av utstyr i Seljord kommune, med fokus på barn og unge, på ein berekraftig og framtidsretta måte. Saman med dagleg leiar skal ein søke tilskot for innkjøp og vidare drift. Stillinga skal òg vere ein støtte for dagleg leiar, der arbeid med frivillige og drift av sentralens lokalar er i hovudfokus.

 

Arbeidsoppgåver

-       Driftsansvaret for utlånssentralen, dvs. søke tilskot, bemanning, innkjøp og vedlikehald av utstyr, kundeoppfølging, marknadsføring, logistikk m.m.

-       Etablere og vidareføre samarbeid med kommune, andre frivillige lag, foreiningar og organisasjonar

-       Bokføring

-       Legge til rette for gode arbeidsvilkår for frivillige, samt oppfølging av praksisplassar

-       Bistå dagleg leiar

 

Kvalifikasjonar

-       Ønskeleg med 3-årig høgskuleutdanning. Relevant erfaring kan veie opp.

-       Erfaring og interesse for sport/friluftsliv, og kunnskap om sports- og friluftsutstyr

-       Erfaring frå leiing

-       Gode administrative evner og digital kompetanse

-       Førarkort klasse B

 

Personlege kvalifikasjonar

-       Evne til å skape og behalde gode relasjonar og nettverk

-       Sjølvdreven og strukturert

-       Ha eit stort hjarte for alle og tru at alle kan bidra

Personleg egnethet vil bli vektlagt

 

Me tilbyr

-       Ein godt etablert Frivilligsentral med ein etablert og engasjert gruppe frivillige

-       Ein spennande, utfordrande, og svært meiningsfull jobb

-       Noko fleksitid, moglegheit til å forme jobben

-       50% stilling, mogleg auking av stillingsprosent etterkvart

-       Tiltreding og løn etter avtale

 

Anna informasjon:

-       Politiattest krevst framlagt dersom ein skal utføre oppgåver som inneber eit tillits- eller ansvarsforhold overfor mindreårige eller personar med spesielle behov

-       Me ynskjer mangfald og oppfordrar til å søke uavhengig av alder, kjønn, etnisitet og funksjonsnedsetting

 

Om arbeidsgivaren

Seljord Frivilligsentral er ein frivillig organisasjon som styrkar det frivillige arbeidet i heile Seljord kommune. Sentralen har eit lokale i Seljord sentrum der me har utleige av lokalar, samt driv Bruktbui. Styret er samansett av representantar frå nokre frivillige lag og foreiningar i Seljord kommune: Bruktbui, Seljord Idrettslag, Seljord pensjonistlag, Seljord Røde Kors, og Seljord kommune.

 

Søknadar behandlast fortløpande

Frist 20. juni

Søknad med CV og referansar sendast til post@seljordfrivillig.no

Spørsmål om stillinga kan rettast til dagleg leiar Rikke Christine Roseng på 414 78 200 eller på post@seljordfrivillig.no



119 visninger

Comments


Siste oppdateringar

bottom of page