Innsats for andre-gruppa frå ungdomsskulen
Me har hatt Innsats for andre-gruppa frå ungdomsskulen her på frivilligsentralen og Bruktbui forrige veke.
Gruppa har hatt ansvar for Bruktbui, stekt vafler, stått i kassene, rydda og vaska i hyller, sortert varer, rydda på lageret, sortert søppel, fått frivillige til å kjøre med søppel, lagd reklame, tatt vare på frivillige, hatt bingo, fjerna grus, støvsugd, sortert klær, og hatt salgsbod ute på fortauet
Det var ein heilt fantastisk veke og Frivilligsentralen og Bruktbui sit igjen med eit fantastisk organisert lager (halleluja!), ein rein butikk, og masse gode minner! Me håpar desse ungdommane hugsar oss og kjem att, om det er som frivillige eller ei.
Helsing ei blid dagleg leiar og nøgde frivillige ;)
Comments