top of page

God jol og godt nyttår!

Hei alle!🎄✨


No tek både eg og dei frivillige joleferie🎄 Eg vil gi ein oppriktig takk til alle saman for den verdifulle innsatsen og støtta i løp av året. Til alle dei dedikerte frivillige me har på huset på sentralen og i Bruktbui: TAKK for all tida de investerar i Seljord frivilligsentral. Det er dere som gjer forskjellen! Og enda ein stor takk til alle dei me har fått samarbeide med i løp av året, bl.a. Trivselsgruppa, Seljord kyrkje, Kaktus ungdomsklubb, Seljord kommune, Flyktningetenesta, Vest-Telemark Seniorlæring, Seljord ungdomsskule, Frivilligsentralene i Vest-Telemark, Mental Helse Vest-Telemark, Seljord Bridgeklubb, og mange, mangle fleire 🙌


I år har me fått ein ny samansetning i styret, og styret består no av representantar for Seljord kommune, Seljord Idrettslag, Seljord pensjonistlag, Bruktbui, og Seljord Røde Kors. Eg er veldig glad for at me får eit tettare samarbeid med desse, og gler meg rett og slett til 2024! I tillegg har me fått Tellef Solås som styreleiar, og det er eg særs glad for :-) Eg må også takke dei som gikk av i styret etter lang og tro tjeneste; styreleiar Knut Dyrland, Heidi Eiesland, Magne Skaret, Sigrun Aakre Karlsson og Eva Margrethe Fæhn Ellingsen. Tusen takk for den enorme innsatsen dere har bidratt med inn i frivilligsentralen og alt det dere har gjort for meg som (nesten ny) dagleg leiar. Takk!


Me har fått til mykje i 2023, og utover "det vanlege" har eg bl.a. fått bli med på ein episode av Seljordspodden, organisert TV-aksjonen og fått til eit særs godt resultat i samarbeid med veldig mange frivillige lag og organisasjonar i Seljord, hatt Kaktus Ungdomsklubb i huset i haust med Kaktus ungdsomskafé, hatt eit særs tett samarbeid med Mental Helse Vest-Telemark, hatt Babysong og Småbarnstrall ein gong i månaden i samarbeid med Seljord kyrkje, og hatt Jolemesse på frivilligsentralen. Eg har også starta facebookgruppa "Småjobbar - Seljord kommune", og gjennom den har eg samarbeida med dei på ungdomsskulen som har "Innsats for andre" som fag. Desse har blitt sendt ut på oppdrag i nærmiljøet, og har også hjulpet mykje på sentralen! Det er heilt magisk faktisk ;)


I tillegg brukas frivilligsentralen som møteplass for forskjellige grupper, bl.a. ein matgruppe, ein lesegruppe, Øvre Telemark NFF, og Plassen for Mental Helse Vest-Telemark. Eg er veldig glad for at desse frivillige gruppene nyttar lokala våre! Hugs at ditt frivillige lag eller gruppe også kan bruke lokala, heilt gratis. Berre ta kontakt! Eg har også begynt med søknadshjelp for dei gruppene som ynskjer det. Ta kontakt! Eg hjelper gjerne.


Ein siste takk går til mine "faste" 3 hjelpere: Heidi på kjøkkenet, Ruth i vaffelpressa, og Trine som altmoglegperson.


Me startar oppatt i veke 2:


8. januar

kl. 11 Strikkekafé


10. januar

kl. 18 Nybegynnerkurs i Bridge


11. januar

kl. 13 Torsdagsmiddag

kl. 18 Bridgeklubben


12. januar

kl. 11 Gubbeklubben


Eg ynskjer alle ein god jol og godt nyttår!


Me sjåast på nyåret,


Klem frå Rikke på frivilligsentralen 🌟🎄

40 visninger

Siste oppdateringar

bottom of page