God jol og godt nyttår!
Dette skjer i veke 51!
Mandag 19.12 Kl 11 Handverkskafé
------------
For ein haust det har vore! Rikke begynte på frivilligsentralen i august og har jobba hardt for å oppretthalde dei tilboda me "alltid" har hatt, og å utvikle nye. I haust har me starta med språkkafé med flyktningetenesta (chill og spill), hatt jolemesse, gjennomført TV-aksjonen (her er det gode resultatet!), og Vest-Telemark seniorlæring har hatt 4 arrangement med forskjellig tema; alt frå vikingtid i Telemark til joletradisjonar! I tillegg fekk frivilligsentralen 140 000kr av Sparebankstiftelsen som me skal bruke på barn og unge i dei åra som kjem! Me har også begynt eit samarbeid med Trivselsgruppa, ein gruppe med heilt utruleg dyktige frivillige som held aktivitetar og opplevingar for bebuarane på eldreinstitusjonane.
Tusen hjarteleg takk for denne hausten! Ein inderleg takk til styret som involverer seg på den aller beste måten, til herlege Heidi som alltid lagar mat og held Rikke i øyrene, til rause Ruth som ordnar vaflar til gubbeklubben, og til trufaste Trine som alltid troppar opp når nokon på huset treng hjelp. Tusen, tusen takk til alle damene på Bruktbui, og alle andre som involverer seg i det som skjer på huset, alle som brukar lokalane, og alle som stikk nesa innom når det luktar vaflar.
Me sjåast igjen fredag 6 januar med gubbeklubben kl 11, og 9 januar med strikkekafé kl 11 :)
GOD JOL OG GODT NYTTÅR!
helsing Rikke
Commenti