top of page

Bli med høyrsellaget Vinje og Tokke på tur til Oslo og Strømstad!

 

BLI MED HØYRSELLAGET VINJE OG TOKKE PÅ TUR TIL OSLO OG STRØMSTAD 17. OG 18. APRIL 2024

Vi køyrer med buss frå Totak AS ved Bjørn Gudmund Larsen, Rauland.

 

På turen innover skal vi ha fyrste stoppen på Briskeby VKS for høyrselhemma , der vi vert møtt med mat og drikke og orientering om skulen og vidare orientering frå HLF sentralt om aktuelle saker. Vidare vert det ei kort omvisning av skuleanlegget før turen gjeng vidare til Oslo med omvisning på Roseslottet og lunsj på Frognerseteren

 

Så avreise til Strømstad med overnatting på Strømstad Spa og Resort og middag på hotellet om kvelden. Tak med badeutstyr for her kan du lauge deg.

 

Neste dag vert det frokost fram til 09.30 med kort tur innom Nordbysenteret og avreise med Colorline til Sandefjord med buffet ombord.

Venta ankomst i Rauland rundt 20.30 med ein stopp undervegs.

 

Pris p.p. kr 4340- tillegg for enkeltrom kr 575-

Turen er open for alle.

Påmelding innan 15. mars til Tor 95722433 eller Gunnar 91615116
















Figur 1: Oversiktsbilete av Briskeby VKS




15 visninger

Comments


Siste oppdateringar

bottom of page