top of page

Avlysing av onsdagsmiddagen i Åmotsdal 27. januar

Etter helgas utvikling av koronasituasjonen på Østlandet, nøye vurderingar og kommunikasjon med kommunelegen blir arrangementet avlyst. Dersom eit arrangement ikkje MÅ gjennomføras rår ein til å sløyfe det.


Me på Seljord Frivilligsentral ser oss lei for dette. Me hadde gleda oss veldig til å kome til Grendehuset og ta i mot hyggelege bygdefolk til ein god prat og god mat. Me har planlagt og gjort godt forarbeid. Men det er ikkje bortkasta. Me vil sette i gang arrangementet så snart det er fornuftig.


Myndigheitane rår til å halde seg mest mogleg heime. det er for tida heller ikkje lov å ha meir enn 10 personar i lokalet.


Det betyr at når me endeleg set i gang vil det vera påmelding til middagen. Slik får me kontroll og treng ikkje sende folk heim.


Inntil me kan treffas på Grendehuset, ta vare på kvarandre og følg reglane me får frå myndigheitane. Ha ei fin veke










24 visninger

Comments


Siste oppdateringar

Kontakt oss

414 78 200

Untitled design (2).png
Untitled design (2).png

© 2022 Seljord frivilligsentral                                                                                                                                                        Laget med Wix.com

Seljord_Hovedlogo.png
bottom of page