top of page

Anne Gro Lønnestad til Vest-Telemark Seniorlæring

Seljord Frivilligsentral onsdag 29. november kl 1200





Anne Gro lærte økologisk hagebruk på Fosen folkehøgskule, og er utdanna agronom i økologisk jordbruk på Sogn jord og hagebrukskule i Aurland. Vidare utdanna ho seg til barnehagelærar. Etter det har ho etablera ogdrive Seljord Hage, og teke videreutdanning som skulehagelærar. Ho har undervist elevar i Seljord Hage og teke på seg planlegging av hagar.



Interessa hennar favnar frå jord til bord.

Lidenskapen hennar er alt me kan dyrke i jorda, prydplanter til estetisk nytelse og nytteplanter som gjev reine, kortreiste råvarer. Maten på bordet er sluttresultatet.



Foredraget femner om fylgjande tema:

- Forbrukarens påverkingskraft - Import av landbruksvarer

- Ulike møtestader mellom forbrukar og produsent

- Kretsløpet i hagen - Produksjon i eigen hage - Lagring og konservering

- Sanking i naturen


Alle hjarteleg velkomne

Inngangspengar kr. 150,- (medlemmer kr. 100,-) som inkluderar kaffe og kake

33 visninger

Comments


Siste oppdateringar

bottom of page