
Julemesse på Seljord Frivilligsentral 27. november
Det er med stor glede me lagar til julemesse i år. I fjor måtte me finne andre løysingar pga corona. Men nå er me klare til ein triveleg laurdag med mykje vakre håndarbeid, god, gamaldags julegraut, sveler og kaffe. Me håpar folk finn vegen til oss for å ha eit par trivelege timar uten for mykje stress. Dette er også ei kjærkommen inntekt for drift av sentralen. Me åpnar dørene kl 12 og avsluttar kl 16. Velkommen!

Eldre ut på middag!
Fyrst av tre samlingar blei unnagjort onsdag. Me hadde ein flott ettermiddag med rundt 60 gjester. Me fekk låne kantina på Nesbukti. Årnes kafeteria levera god mat. Trubaduren Øystein Birkeland hadde med gitaren og leverte kjente låtar som inspirerte til allsang. Eit vellykka treff. Takk for lånet av kantina. Takk til alle som gjorde dette til ein annleis ettermiddag.
+2

Middag på Nesbukti til de påmeldte, onsdag 27.oktober
Hugs! Til de påmeldte til middagen på Nesbukti onsdag 27.oktober. Me startar opp kl.14:00. Slutt på påmelding, ingen ledige plassar igjen.

Hugs Vest-Telemark seniorlæring i morgo tyrsdag 26. oktober kl 12.
Vest-Telemark seniorlæring på Frivilligsentralen 26. oktober. Forberedelsane er i gang.

Dette skjer i veke 43 på Frivilligsentralen
Mandag 25.10 Kl 11: Strikkekafé Tysdag 26.10 kl.12 Vest-Telemark seniorlæring m/ Svein G. Dahl Onsdag 27.10 Kl. 14 Middagsservering til de påmeldte. "Eldre ut på middag" på Nesbukti pleie- og omsorgssenter Torsdag 28.10 AVLYST Torsdagsmiddag Torsdag 28.10 Kl 18: Bridgeklubben Fredag 29.10 Kl 11: Gubbeklubben

Resultater fra årets TV-aksjon
Tusen takk til alle som har vore bøsseberarar og til alle som har gjeve eit bidrag. Tusen takk til Oddrun i banken med hjelp av Åse til å telje pengar. Her er resultatet.

Dette skjer i veke 42 på Frivilligsentralen
Mandag 18.10 Kl 11: Strikkekafé Tysdag 19.10 Kl 12-14: Dropin-datahjelp på Biblioteket Onsdag 20.10 Kl 1530: Onsdagsmiddag i Åmotsdal. Svinesteik Torsdag 21.10 Kl 13-15: Torsdagsmiddag - Karbonade m/grønnsaker Torsdag 21.10 Kl 18: Bridgeklubben startar opp att Torsdag 21.10 KL 1930: Benny Borg og "On the road show" på Granvin, VI er medarrangør. Løp og kjøp bilettar! Fredag 22.10 Kl 11: Gubbeklubben Fredag 22.10 Kl 12-15: Utlevering av bøsser til TV a

Benny Borg til Garanvin kulturhus torsdag 21. oktober
Torsdag 21. oktober kl 1930 kjem Benny Borg til Granvin kulturhus med showet "On The Road Again". Musikk frå 50-, 60- og 70 talet. Han har også med gjesteartistar. Dette bør alle som likar musikken frå denne perioden få med seg. Arrangør er Seljord jakt & fiske, Seljord I.L. fotabll og Seljord Frivilligsentral Billetter: https://checkout.ebillett.no/203/events/8693/purchase/setup