
Strikkekafé AVLYST
Pga oppfordringane om å halde seg heime og om at arrangement som ikkje Må arrangeras, blir avlyst, vil det ikkje bli strikkekafe i dag, måndag 25. januar. som annonsera. Me kjem tilbake med meir info når me kan starte opp att.

Avlysing av alle arrangement på Seljord Frivilligsentral denne veka
Det blir ikkje strikkekafé, torsdagsmiddag eller Gubbeklubb denne veka. Alle arrangement som ikkje er svært nødvendige blir det rådd til å sløyfe. Me kjem tilbake med meir info etterkvart.

Avlysing av onsdagsmiddagen i Åmotsdal 27. januar
Etter helgas utvikling av koronasituasjonen på Østlandet, nøye vurderingar og kommunikasjon med kommunelegen blir arrangementet avlyst. Dersom eit arrangement ikkje MÅ gjennomføras rår ein til å sløyfe det. Me på Seljord Frivilligsentral ser oss lei for dette. Me hadde gleda oss veldig til å kome til Grendehuset og ta i mot hyggelege bygdefolk til ein god prat og god mat. Me har planlagt og gjort godt forarbeid.
Men det er ikkje bortkasta. Me vil sette i gang arrangementet s

Bruk av munnbind i våre lokale
Me ber alle våre kundar i Bruktbui om å ha på munnbind i lokala våre.

Litt av kvart
Seljord Frivilligsentral er stengt for arrangement også denne veka. Dersom alt går som planlagt vil me åpne opp att måndag 25. januar med Strikkekafé, torsdagsmiddag 28. januar og Gubbeklubb 29. januar. Me håpar det skal bli ein fin vinter på sentralen og ønsker alle velkommen. Bruktbui er åpen som vanleg.

Velkommen til Åmotsdal
200 brosjyrer er delt ut i postkasser frå Flatdal til Mandal. Langlim, Dyrlandsdalen og Åmotsdal. Håpar publikum finn vegen til Grendehuset onsdag 27. januar.

Bruktbui held stengt 15. og 16. januar
Pga corona og lite besøk held me Bui stengt fredag og laurdag denne veka

Seljord Frivilligsentral er stengt til 18. januar
Me held kaféen stengt foreløpig ut denne veka. Me har heller ingen av dei faste aktivitetane våre før 18. januar. Ha ein fin dag.

Onsdagsmiddag i Åmotsdal
Me har i mange år hatt torsdagsmiddag her på sentralen i Seljord. Dette har vorte godt besøk og kanskje enda meir i koronatida. Så då skal me prøve å flytte dette ut i distriktet. Onsdag 27. januar vil Seljord Frivilligsentral flytte seg til Grendehuset i Åmotsdal for å servere god, gamaldags heimelaga middag til bygdas innbyggarar. Folk frå Flatdal og andre bygder er også hjarteleg velkommen. I eit prosjekt frå fylkeskommunen har Seljord Frivilligsentral fått midlar til å k

Godt nyttår!
Seljord Frivilligsentral er stengt. Kaféen og sentralen er stengt for publikum fram til 18. januar pga koronarestriksjonane. Bruktbui er åpen som vanleg, men med kun 5 personar inne i lokalet av gongen. Kontakt oss på telefon 41 47 82 00 dersom du har behov for å snakke med oss.